Første omgang

Begge lag gjekk energisk i gong på Høddvoll. Hødd køyrde eit godt angrep etter 5 minutt, men fekk kontring i mot. Forsvaret til dei blåkvite sprang hanglande etter, men etter kvart fekk keeper Jan-Lennart Urke kontroll på ballen.

Etter 8 minutt kunne Mats Hummervoll ha dunka ballen i mål frå skrå vinkel, då Hødd nok ein gong kom litt i ubalanse defensivt. Heldigvis skaut Hummervoll til sida for mål.

Etter 9 minutt levde Hødd nok ein gong svært farleg, då Jostein Ekeland fekk sende i veg eit skot frå rundt 20 meter. Ballen gjekk forbi Urke og trefte stolpen, før den trilla inn i ryggen på Urke. Hødd-keeperen fekk kontroll.

Vidar verkar til å vere eit ganske så vaksent lag, med store, robuste spelartypar.

Men så, etter 17 minutt, kunne heimepublikum juble for mål! Bendik Rise lada kanona frå skrå vinkel, 30 meter frå mål. Ballen gjekk forbi alle, og rett i mål bak ein forfjamsa Vidar-keeper til 1-0.

Etter 24 minutt kom Preben Sætre seg i god posisjon og sentra ein ferdigskora ball inn til Badr Rahhaoui, men diverre sklei sistnemnte for upresist inn mot mållinja, og ballen passerte akkurat. Her burde Hødd gått opp i 2-0.

Etter 30 minutt kunne Vidar utlikna, då Hummervoll skaut i veg mot mål, men Urke fekk dytta ballen vekk frå mål.

Tre minutt før pause sette Vidar ballen i mål etter eit frispark, men linjedommaren vinka for offside. Målet blei dermed annulert.

Laga gjekk til pause på stillinga 1-0 til Hødd.

Andre omgang

Hødd var ikkje langt unna å doble leiinga berre 47 minutt inn i kampen. Badr Rahhaoui førte ballen med seg framover langs sida, og slo inn til Torbjørn Kallevåg, som prøvde å lure keeper frå distanse, med ein kjapp kjipp. Keeper fekk akkurat slått ballen ut til hjørnespark.

Etter 51 minutt fekk Bendik Torset, høgreback for dagen, lagt flott inn i feltet. Der fann ballen vegen til Didrik Sereba, som stod i god avslutningsposisjon. Men, Sereba skaut høgt, høgt over.

Minuttet etter fekk Hødd nok ein stor sjanse, då Torbjørn Kallevåg skaut mot mål. Ballen trefte stolpen like ved krysset og gjekk ut igjen i bana.

Etter fleire farlege sjansar frå Hødd, var Vidare framme og snusa på mål ei periode mot midten av omgangen.

Etter 68 minutt kom det forløysande målet for Hødd. Torbjørn Kallevåg la eit frispark mot bakarste stolpe, der Badr Rahhaoui storma inn og stanga ballen i mål til 2-0.

Berre ei klasseredning frå Vidar-keeperen hindra Bendik Rise frå å banke ballen i mål til si andre nettkjenning på eit frispark etter 72 minutt.

Etter 76 minutt fekk Magnus Myklebust ballen flott servert frå Kallevåg, og kunne avslutte frå skå vinkel. Diverre gjekk ballen forbi lengste og ut til utspel for Vidar.

Så, etter 85 minutt, skulle Torbjørn Kallevåg gjere bortekampen surare for Vidar. Hødd kom fram på ei rask kontring, der Amani Mbedule på fint vis kunne sentre over til Kallevåg, som enkelt banka ballen i mål til 3-0 for Hødd.

Det enda med 3-0 til Hødd på Høddvoll.

Dette laget stiller Hødd mot Vidar:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Bendik Torset, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg,  Bendik Rise - Preben Sætre, Bader Rahhaoui, Didrik Sereba

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Eirik Haugan, Magnus Myklebust, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Amani Mbedule, Martin Mork Breivik