Like før pause vart Eirik Ulland Andersen kontant lagt i bakken etter ei takling bakfrå. Ein kunne tydeleg sjå at at rogalendingen var i store smerter der han lag like ved sidelinja.

Sindre Eid kan stadfesta at angriparen ikkje blir å rekne med dei neste kampane.

- Han er heilt definitivt ute nokre veker. Det er eit beinbrot, men kor alvorleg det er det veit vi ikkje enno. Det ventar vi med til sjukehuset svarar oss, kommenterer Eid.

- Uforståeleg

Som på ingen måte rosar dommarteamet etter situasjonen.

- Det er forferdeleg at slikt skjer, og det er forferdeleg at dommaren ikkje dømmer og slår ned på det. Det er heilt uforståeleg for meg at både assistentdommaren og hovuddommaren står så tett opp i situasjonen og ikkje oppfattar det.

- Det er heilt utruleg og det er nesten ikkje til å forstå. Eg var nesten i sjokk då det ikkje vart dømt noko der, rasar ein ildsint Sindre Eid etter at Andersen måtte forlate banen.

- Måtte vere kloke

Sett bort frå skada til Andersen var Eid godt nøgd med at laget hans sikra sin andre strake siger i serien, etter at Robin Shroots scoring etter 52. minutt vart det avgjerande målet.

- Det handla om å vere kloke. Eg synest vi spelte god, offensiv fotball inn i mellom og vi kunne fort ha scora fleire mål. Mellom anna brende vi eit straffespark, seier Eid, som også synest det var ein god prestasjon å få med seg tre poeng frå Sotra.

- Ein solid gjennomført bortekamp der ein er oppteken av å få tre poeng. Og det var eigentleg det som betydde noko i dag.