Tradisjonen tru loggfører Vikebladet Vestposten alle scoringar for dei lokale laga i seniorfotballen (11-ar).

Dei siste to åra har Christer Adrian Mork (Hareid) blitt lokal toppscorar. Han spelte lite i vår og melde så overgang til Hovdebygda. Så det blir ikkje Mork i år.

Per dato ligg Robin Hjelmeseth på ein klar førsteplass med 17 scoringar. Alle har kome i 3.-divisjon for Hødd 2.

Her er dei som ligg nærast:

* Franjo Tepuric har 10 mål, eitt for a-laget i 1.-divisjon og ni for Hødd 2 i 3.-divisjon. Både a-laget og Hødd 2 har fem seriekampar igjen.

* Arthur Hareide, 9 mål for Hareid2/Hjørungavåg i 6.-divisjon. Laget har berre éin seriekamp igjen.

* Vilde Hasund, 9 mål for Hødd-damene i 2.-divisjon. Men Hasund har meldt overgang til Røa og er ute av biletet.

* Også Robin Shroot har 9 mål, åtte for a-laget og eitt i 3.-divisjon.

* Ørjan Engen Grimstad har 9 mål for Hareid; fem i 4.-divisjon og fire i 6.-divisjon. Men han flytta til Trondheim tidlegare i haust og er ute av biletet.

* Benjamin Mork Kleppe, 8 mål for Hødd 2. Men han er for tida skadd.

Andre toppscorarar for sine lag:

* Hareid A: Ola Kalvø Vattøy (6 mål)

* Hasundgot: Eirik Kalvø Vattøy (5 mål) (Oppdatert før Hasundgot - Sunnylven/Stranda II tysdag.)

* Haddal: Steffen Uldbæk (7 mål)