Torsdag føremiddag melder Hødd at Vegard Heltne har signert ny kontrakt med Hødd. Heltne si kontrakt gjekk ut etter denne sesongen, men no er han klar for to nye år i Hødd-drakta.

Vegard Heltne har spelt i Hødd i sju sesongar, spelt 182 kampar og scora 24 mål.

Til Hødd sine nettsider seier Heltne at det er godt å ha signert ei ny kontrakt med klubben.

-  Etter mange år med skader, har eg stort sett klart å halde meg skadefri denne sesongen. Det skal fysisk trenar Manu Torres ha honnør for. Eg føler eg i mange sesongar har måtte konsentrert meg om skadeforebygging, men no kan eg tenke på utvikling. Eg føler eg har eit stort utviklingspotensiale.

Trur på Hødd

- Det var veldig kjekt å få på plass ei ny kontrakt. Eg hadde ingen planar om å flytte på meg.

Heltne fortel at det har vore litt fram og tilbake i forhandlingane, men at det er slik det brukar å vere, og at til slutt så er ein gode kameratar.

No ser 25-åringen fram mot ein ny sesong, der han trur det er mykje godt i vente for Hødd.

- Vi har hatt ei bra utvikling i haust. I går hadde vi eit møte der vi allereie la ein klar plan for den komande sesongen, og det ser bra ut. Eg har aldri vore meir positiv før ein sesong enn det eg er no. Vi har eit godt trenarteam på plass og spelarane har trua på det vi driv med, seier Heltne.

Vegard Heltne er ein av dei lokale spelarane i Hødd, med fortid frå Hasundgot, og han trur det er viktig med ei stamme ein kan stole på.

- Det er nok kanskje andre spelarar som er vanskelegare for klubben å halde på, som har endå større ambisjonar, men det er viktig med lokale spelarar. Samtidig så må ein prestere, slår Heltne fast.

- Vegard sleit med skader i 2013, men vart frisk utover i 2014, og har spelt mykje i haust. Han er ein lokal gut som har sine beste fotballår foran seg, og kan dekke inn både venstrekant- og venstreback-rolla. Vegard er også ein viktig mann for spelargruppa, seier André Nevstad til Hødd sine nettsider.

Les også: Ein kontinuerleg prosess