Bjarne Kvalsvik frå Herøy ser no slutten på dei første fire åra som fylkestingspolitikar i Møre og Romsdal. Han vart vald inn for Sunnmørslista, men braut ut saman med Torleiv Rogne frå Haram. Dei har sidan vore eit uavhengig tospann.

No har dei to starta ei ny liste, "Uavhengig valliste for Sunnmøre". Kvalsvik skal stå øvst på lista.

- Vi kjem til å få fleire gode namn frå Hareidlandet, fortel Kvalsvik.

Han legg til at for at lista skal bli ein realitet, må dei samle 500 underskrifter.

Bakgrunnen for at herøyværingen Bjarne Kvalsvik braut ut frå Sunnmørslista, er altså at han meiner det vart for mykje fokus på Ålesund. Distrikta har ikkje blitt fronta godt nok.

- Vi også meiner at Ålesund er viktig, men vi vil ha meir vektlegging på heile regionen, forklarer han.

- Ferjekontrakten kom skeiv ut

Bjarne Kvalsvik har i denne perioden site i Samferdselsutvalet på Fylket.

- Eg synest vi har klart å utretta mykje. Men ferjekontrakten mellom Hareid-Sulesund kom totalt skeivt ut. Det kjem rett og slett av at kontrakten som vart inngått ikkje var god nok, meiner han.

- Vil ha i både pose og sekk

Kvalsvik meiner politisk uavhengige lister jobbar litt annleis enn partia gjer. Eit døme på dette er ei sak som i førre samferdselsutvalsmøte var merka "raud" (ikkje offentleg), og som handla om utlysing av hurtigbåtsambandet Molde-Vestnes.

- Eg fremje eit forslag om at dette hurtigbåtsambandet skal leggjast ned når kontrakten er gått ut og Tresfjordbrua blir opna i slutten av 2015. Det vil spare oss for 10 millionar kroner årleg, 40 millionar kroner på fire år. Men dei politiske partia har for sterk tilknyting til Molde. Dei er redde for å bli upopulære, og folk vil ha både i pose og sekk. Både hurtigbåt og bru, meiner Bjarne Kvalsvik.

Forslaget fekk berre hans eiga røyst.

Bjarne Kvalsvik har vore med i lokalpolitikken i Herøy i  20 år.