Intensjonsavtalen knytt til Regionkommune Ålesund vart signert i dag tidleg. Representantar frå kommunane møttest på NTNU Ålesund for å signere intansjonsavtalen for ein felles regionkommune på Sunnmøre.

Forhandlingsleiar i kommunereformprosessen er rådjevar Erlend Krumsvik i Sunnmøre regionråd som har følgt prosessen i et år.

− Denne arbeidsmåten skil seg frå resten av landet, men har resultert i ei særleg interkommunal kompetanse for dei politikarane som har vore innvolvert i prosessen. No gjenstår lokal politisk handsaming av kommunereforma, før kommunane tek til med å bygge den nye kommunen i praksis, fortel Krumsvik.

Den nye kommuen får namnet Ålesund. Rådhuset skal vere i Ålesund sentrum. Det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Dette er ikkje til hinder for at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke.

Kommunen skal ha nynorsk som målform. Visjonen til den nye kommunen er nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet.

Om innbyggjarane i Hareid kommune sluttar opp om den store kommunen står att å sjå. Det blir folkerøysting 19. mai.