Venstrebacken kom til Hødd framfor 2011-sesongen, men har slite mykje med skadar. Grodås var fast på laget i siste del av fjorårssesongen og då inneverande sesong starta. Elles har han for det meste anten vore skadd eller blitt benka. 21-åringen har derimot starta dei to siste seriekampane til Hødd. Totalt har Victor Grodås spelt 50 a-kampar og scora to mål for Hødd.

- Vi er veldig godt nøgde med at Victor blir med oss vidare. Han har eit stort potensial, men vore uheldig med skadar. Trass i dette har han hatt ei god utvikling sidan han kom til klubben før 2011-sesongen. No er Victor 100 % skadefri, seier sportssjef André Nevstad til Hødds eiga heimeside.

Grodås er den andre Hødd-spelaren som har signert ny kontrakt etter at vi skreiv denne artikkelen. Den første var Bendik Torset.