I dag, måndag 13. november, sa Hareid formannskap ja til ein avtale som inneber at kommunen kjøper tomtene til Holstad Rør AS og Kveldro ANS, i Hareid sentrum. Målet er å plassere det nye helsehuset i Hareid på desse tomtane.

Avtalen seier at  Holstad Rør AS skal ha 8,1 million kroner for salet, medan kommunen skal punge ut med 2,4 millionar kroner for eigedomen til Kveldro (John Henry Holtet).

Frp. ville utsetje saka

På bordet til Hareid formannskap låg eit brev frå Oskar Grimstad (Framstegspartiet). I brevet står det at Hareid Framstegsparti er uroa over uklarheit rundt kostnadene på tomta som er valt. Grimstad viser blant anna til meirkostnader knytt til flytting av trafobygg og etablering av parkering, veg, vatn og avløp. Og han bad kommunen om å få desse meirkostnadene avklart skriftleg og lagt fram for kommunestyret medan det enno var tid til å vurdere alternative tomter.

Dette fordi det blant anna knyter seg usikkerheit til kostnadene ved å flytte ein trafokiosk som står på området til den valde tomta.

Utbyggjar kan byggje leilegheiter/omsorgsbustader

I tillegg låg det føre eit brev frå Gunnar Hareide og Øystein Hareide. Dei to er blant fleire grunneigarar som har tilbydd seg å selje tomt til helsehus lenger inne i Kjøpmannsgata. Dei to viser til at det i den vedtekne tomta ikkje er avsett plass til omsorgsbustader, noko det er eit stort behov for i Hareid kommune.

Ordførar Anders Riise (H), som også er leiar i byggenemnda for nytt helsehus, poengterte at kommunestyret tidlegare har gjort vedtak om at utbygginga skal skje i privat regi, og at det er opp til utbyggjaren om der skal vere omsorgsbustader, eller andre typer leilegheiter i bygget.

Eit av argumenta for ikkje å velje tomta ved Hamnesenteret har vore at ho ligg innanfor raud sone i forhold evakuering etter ei eventuell utgliding i Åkenesremna. Oskar Grimstad hevda at byggjenemnda hadde uttalt at det derfor ikkje gjekk an å byggje helsehus på denne tomta. Dette avviste ordføraren.

- Vi har sagt at den tomta ligg i evakueringssona, men vi har sagt at det går an å byggje der. Vi meiner likevel at det ikkje er tilrådeleg, understreka han.

Kommunalsjef Kai Rune Bjørke opplyste at ved bygging på Hamnesenter-tomta må kommunen lage ein evakueringsplan, og ha klart ein plan for kva bygg helsesenteret skal evakuere til.

Usikkert om Nav skal inn

Kristian Fuglseth (Tverrpolitisk liste) uttrykte usikkerheit om kva som skal inn i helsehuset.

- Vi har ikkje fått stadfesta sikkert at Nav skal inn, og eg må seie det så klart at utan Nav så blir det ikkje noko helsehus.

Dette fekk rådmann Ragnhild Velsvik Berge til å be om ordet. Ho kunne opplyse at kommuneleiinga heilt sidan prosessen med bygging av helsehus starta, hadde vore i kontakt med Nav.

Nav-kontrakt må på anbod

- Vi har nettopp fått beskjed om at ein leigekontrakt med Nav må ut på anbod. Så verken Nav eller distriktstannklinikken er per i dag sikre leigetakarar i bygget, sa rådmannen.

Ho varsla politikarane om at ho med det første kom til å ta eit initiativ til ei drøfting om kor stort helsehus ein kunne leggje opp til å bygge.

Oskar Grimstad varsla så at Framstegspartiet kom til å fremje eit forslag om å utsetje tomtekjøpet til meir fakta om kostnader og bygging i hamna var komne på bordet.

Forslaget hans fekk tre røyster, Grimstad, partikollega Jeanette Teigene og Annika Brandal (V), og fall.

Deretter gjekk formannskapet i gang med å drøfte sjølve tomtekjøpet.

- Eg ser at vi ikkje når fram, og det er greit. Slik er demokratiet, fleirtalet bestemmer. Og eg vil understreke at Framstegspartiet ser på bygging av helsehus som eit prosjekt vi skal bere opp og fram i fellesskap. Eit nytt helsehus er positivt både for Hareid kommune og innbyggjarane, sa Grimstad.

Tomtekjøpet ein viktig milepæl

Ordførar Anders Riise (H) var trygg på at alle politikarane i Hareid ønskjer eit nytt helsehus og ei positiv sentrumsutvikling.

Både Ranja Dimmen Alme (Tverrpolitisk liste) og Annika Brandal (V) understreka at det er fint med ei framdrift i helsehussaka, og at det no er viktig at saka blir framsnakka positivt av politikarane.

Tilrådinga om å kjøpe tomtene til Holstad Rør AS og Kveldro ANS vart vedtatt mot to røyster, Oskar Grimstad og Jeanette Teigene frå Framstegspartiet.

- Eg ser på vedtaket om tomtekjøp som ein milepæl. No har vi landa tomtedikusjonen, og vi har kome oss eit steg nærare med å få realisert nytt helsehus, sa ordføraren før han klubba saka ferdig.