- Eg må vel lære meg å seie "nauta",  no, ler Hans Olav Myklebust, som er gruppeleiar for Frp i Ørsta.

Det har gått litt over ein time sidan han og ordføraren i Ulstein, Knut Erik Engh, sende ut ei pressemelding med følgjande tittel: "Ørsta og Ulstein bør utgreie moglegheitene for å slå seg saman."

No sit dei på ein stein ved småbathamna i Eiksund og skal fotograferast.

- Det går bra, berre vi slepp å kysse, seier Engh då dei to får beskjed om å setje seg tettare saman.

- To sterke kommunar

Dei to lokalpolitikarane meiner i fullt alvor at Ulstein og Ørsta bør slå seg saman.

- Det er snakk om to sterke kommunar på Søre Sunnmøre, det er mykje som bind oss saman. Etter at Eiksundsambandet kom reiser folk mykje mellom kommunane, vi har felles bu- og arbeidsmarknad og mange kulturtilbod som folk frå begge kommunar nyttar seg av. Vi smeltar meir og meir saman, seier Myklebust.

Han meiner Ørsta og Ulstein har eit stort potensial for felles tenesteproduksjon på kommunalt nivå.

- Vi samarbeider allereie om barnevern og PPT, dette kan vi utvikle til dømes når det gjeld teknisk og byggesaksbehandling. Vi har også eit næringsliv som er veldig variert, frå skipsbygging, fiskeri, landbruk, industri,. ja, vi har mange bein å stå på, seier Hans Olav Myklebust.

Men kvifor er det først no de får denne idéen, etter mange år med kommunereformdebatt?

- Eg meiner vi har vore litt for einspora, vi har tenkt Ørsta og Volda eller ingen ting. No vart det ingen ting for Ørsta sin del, sidan folket der sa nei til Volda. Eg meiner at vi må lyfte blikket, sjå kva vi kan få til saman med Ulstein, seier han.

- På tide å snakke om

Knut Erik Engh fortel at initiativet til forslaget om å slå saman Ørsta og Ulstein, kom frå Frp i Ørsta.

- Eg tenkte at dette er på tide å snakke om. Vi har vore så fastlåste i tanken om å slå saman Hareid og Ulstein, Ørsta og Volda, at vi ikkje har sett på andre moglegheiter. Utfordringa har vore at ein fort kan kjenne seg truga frå motparten i ein slik kommunesamanslåingsprosess. Eg trur Ørsta og Ulstein er meir likverdige kommunar, vi treng ikkje frykte at den eine skal verte oppeten eller mista noko til den andre, seier Engh.

Han viser også til at Ørsta og Ulstein allereie samarbeider på fleire område.

- Dei som kjenner det kommunale livet veit at fagmiljøa fort vert for små og at det kan vere vanskeleg å rekruttere folk. Vi kan også samarbeide på felt som personal og økonomi, då er vi godt i gang med å verte ein felles kommune, seier Engh.

Framhevar naturen

Dei to Frp-arane viser også til at naturen både i Ørsta og Ulstein gjer området interessant.

- Sjå berre på dette fantasitiske området her, seier Myklebust og peikar rundt seg ved småbåthamna i Eiksund, her er holmar og skjer, djupe fjordar og høge fjell. Her er mange moglegheiter for reiselivet.

- Vi må rett og slett sjå framover, lyfte blikket, sjå inn i framtida, sjå kva vi kan gjere for å skape eit betre kvardag for innbyggarane våre, seier Myklebust.

Folkerøysting?

Så langt i intervjuet er det lite usemje å spore mellom Engh og Myklebust.

Men spørsmålet om eit slikt samanslåingsforslag bør ut på folkerøysting, gir to ulike svar.

- Eg har miste litt tru på folkeavrøysting, eg. Det er dårleg oppslutning og så er det gjerne berre den eine sida som mobilserer. Så eg vil heller gjere som vi gjorde i siste runde med Hareid, ha ei god og breid innbyggarundersøking, seier Knut Erik Engh.

- Vi har lovd veljarane våre at vi skal ha folkerøysting når det gjeld kommunestruktur, det står i programmet til Ørsta Frp, seier Hans Olav Myklebust.

Og så er det slik at ein må innom ein annan kommune for å reise mellom Ørsta og Ulsteinvik...

- Volda er velkomne til å vere med her, dei, kanskje?, seier Myklebust og ser spørjande på Engh.