– Arena Ulstein er eit prosjekt som er vedteke, slår Steven P. Karunasamy fast, nestleiar i Ulstein Høgre og kommunestyremedlem. Han har sett seg lei av at mindretalet stadig tek denne saka opp igjen, men Høgre og Arbeidarpartiet har fleirtal i kommunestyret, og dei står for prosjektet.

Stian Lehmann Scheide, leiar i Ulstein Høgre, meiner dette er eit viktig bygg for alle innbyggjarane i kommunen, både born og vaksne. Skal Ulstein vere ein attraktivt stad for unge vaksne å slå seg ned og stifte familie, må kommunen investere.

– Ein må hugse at også biblioteket skal inn her. Biblioteket treng nye og funksjonelle lokale så også funksjonshemma kan nytte det, seier Scheide. Klatrevegg blir eit nytt tilbod og idrettshall er noko ungdomsskulen og Ulsteinvik barneskule treng. For ikkje å gløyme symjebasseng til symjeundervisning

ikkje råd til å la vere

– Det er alt brukt 40–50 millionar på forprosjekt til Arena Ulstein, det er viktig å fullføre dette prosjektet, meiner Scheide og Karunasamy og viser til at det var dei same partia som var negative til nytt kulturhus for ti år sidan. No har mange stor glede av Sjøborg og kulturtilboda der.

– Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet viser nedgangstider i økonomien, og at ein del arbeidsinnvandrarar vil flytte heim når arbeidsløysa stig, så kommunen har ikkje råd til denne investeringa. Kva seier de til det?

– Det er kortsiktig tenking. Industrien i heile Europa går i kurver, me må tenkje langsiktig, svarer Karunasamy.

Han set også si lit til statsminister Erna Solberg. Regjeringa vil prioritere vekstkommunar, og høgrestatsministeren har lova å gjere noko med selskapsskatten, så han skal tilfalle kommunane. Den prosessen er i gang.

– Me kan ikkje stoppe å investere i Ulstein for at oljeprisen går litt ned, kommenterer Scheide. Han vedgår at prosjektet er dyrt, men det vil det også vere å byggje kvar funksjon for seg. Dette er eit naudsynt spleiselag.

For Ulstein Høgre er det ikkje noko alternativ å innføre eigedomsskatt for å finansiere bygget, kommunen må heller sjå om dei kan effektivisere drifta av kommunen eller selje kommunale eigedomar dei ikkje har bruk for. Bjørndals Minne, må det vere mogleg å leige ut.