Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive om Oline Botnen som vart nominert av handballaget ho er trenar for til Årets Trenerforbilde. No har kåringa vore gjennom to avstemningar, og Oline Botnen gjekk først vidare som finalist, før ho no er plukka ut som ein av tre superfinalistar.

Det var Vidar Kvalhaug frå Karmøy MMA som fekk dei fleste stemmene i kåringa, med Oline Botnen vart plukka ut av juryen saman med Cathrine Nedrum Lanne frå Straen gymnastikk- og turnforening.

Vinnaren i kåringa blir bestemt av juryen, som mellom anna er sett saman av Frode Kyvåg og Karoline Dyhre Breivang, samt fjorårets trenarforbilde. Søndag 28. september blir vinnaren avslørt.

Les også: - Eg har blitt så glad i dei