Andreas Lie - Akeem Latifu, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Victor Grodås - Sivert H. Nilsen, Fredrik Aursnes - Pål André Helland, Erik Sandal, Rune Ertsås - Joachim Magnussen.

* 0-1: Sandal slår kort ut til Helland på ein corner, og Helland bankar den inn i det lengste hjørnet.

Oppsummering 1. omgang

KBK fekk ein god sjanse etter berre 6 minutt. På eit hjørnesparket får El Haj heade på mål frå 9 meters hald. Lie får ikkje eit fast grep på ballen, men kastar seg over returen og reddar bra.

To minutt seinare kom omgangens første skåring. Erik Sandal slo eit hjørnespark kort til Pål André Helland. Den tok trønderen god vare på og hamra ballen inn i det lengste hjørnet.

Helland var frampå nok ein gong nokre minutt etter. Hødd rulla opp på høgresida og kantspelaren klemde til. Uheldigvis for bortelaget fekk ein forsvarar kasta seg framfor avslutninga.

Like før pause fekk KBK ein utruleg stor dobbelsjanse, men Andreas Lie kasta seg i full stekk og fekk ballen unna faren. Var ikkje mykje om å gjere før det stod 1-1.

Oppsummering 2. omgang

Dryge ti minutt ut i den andre omgangen var KBK nære å utlikne ved Mendey, men skotet gjekk via ein Hødd-spelar og ut.

Midtvegs i omgangen fekk gjestane ein kjempesjanse til å auke leiinga. Latifu slo 45 gradar ut til Sandal, som skaut like over.

I løpet av sluttminutta fekk dommar Helgerud gjennomgå av heimelaget. KBK ville ha straffespark både to og tre gongar, men dommaren sa "nei" alle gongane.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med reaksjonar utover kvelden.

Kampfakta:

9. runde Adeccoligaen 2013Kristiansund - Hødd 0-1 (0-1)IdrettTilskodartal: UkjentMål: 0-1 Pål André Helland (8)Dommar: Kristoffer Helgerud, Lier IL - 6Gule kort: Tommy Edvardsen, Christophe Psyché, Kristiansund. Pål André Helland, Hødd.

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås - Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes - Pål Helland, Erik Sandal (Tobias Vibe, 90), Joachim Magnussen – Rune Ertsås (Robin Hjelmeseth, 76)

Før kampen:

Hødds gode start på årets Adeccoliga har fått seg ein knekk i det siste, og dei regjerande cupmeistrane har til gode å vinne på sine to siste kampar.

I kveld får dei blå-kvite ein ny sjanse til å ta tre poeng - mot fylkesrivalen Kristiansund BK.

Det er om lag fem år sidan laga møttest i ligasamanheng sist, då gjekk begge laga sigrande ut på si eiga heimebane. Kristiansund har derimot statistikken på si side, ettersom dei også vann treningskampen mellom dette to laga tidlegare i år.

Troppa skal i følgje assistenttrenar Sindre Eid vere skadefri, så det er venta at dei vil stille eit mannssterkt lag for å kome tilbake på vinnarsporet.

Les også:

* - Lei av å tape

* Adeccoligarunden

* - Hødd 0-2 KBK