I rundkøyringa ved Amfi Ulsteinvik skal det kome ein skulptur som ærar fotballlaget Hødd.

Det er Ulstein Rotaryklubb som har tatt initiativet til å få sett opp ein skulptur i rundkøyringa ved Amfi. Klubben gav Tegneren ved Arnljot Myrene i oppdrag å teikne ein skulptur som skal gi assosiasjonar til fotballklubben Hødd.

- Han har laga ein skulptur som symboliserer elleve ballar – elleve menn – på bana, og der den øvste ballen er i gull. Den skal fortelje oss at Hødd vart Norgesmeistrar i fotball i 2012, fortel Rune Brandal, som er  påtroppande president i Ulstein Rotaryklubb og meiner tida no er komen til å få ein skulptur i sentrum som fortel at Ulsteinvik har fotballaget Hødd.

– Den andre skulpturen i sentrum fortel historia om skipsbygging, og det er flott. Men Ulsteinvik er også kjende for fotball, og Rotary vil gjerne ære Hødd.

– Vi lanserer skulpturen no. Med nytt stadion og med 3-0 siger over Brann på nye Hødd voll stadion måndag, har eg ei kjensle av at det bles ein svært positiv Hødd-vind over landskapet vårt. Så no håper vi i klubben at både bedrifter og privatpersonar vil vere med på å sponse reising av skulpturen, seier Brandal.

350.000 kroner

Han opplyser at heile prosjektet, inkludert fundamentering og oppsetting, er kostnadsrekna til ca. 350.000 kroner, og at det er delvis finansiert.

– Men vi treng fleire sponsorar. Interesserte kan ta kontakt med Bjarne Wærdahl, avtroppande president i Ulstein Rotaryklubb, eller meg, som er påtroppande.

Skulpturen skal lagast i syrefast stål – og matta han skal stå på skal vere grøn, slik dekket på Høddvoll er, og skal lysast opp nedanfrå.

Og dersom nokon lurer: det er utført vindberekningar som skal sikre at skulpturen blir ståande ei stormnatt.

Produksjonen kan starte med ein gong finansieringa er på plass. På sokkelen skal det vere plass til både logoen til Hødd og ein plakett med namna på sponsorane.

– Eg er overtydd om at dette blir ein flott skulptur, og at han vil vere med på å fortelje at Ulstein kommune er ein fotballkommune, kommenterer Rune Brandal.

Påtroppande president i Ulstein Rotaryklubb, Rune Brandal, har plassert seg i rundkøyringa der skulpturen skal stå. Foto: Anne Gry Eilertsen