– Heilt ærleg så har eg ikkje tenkt så mykje på det. Eg har ikkje bestemt meg for noko. Eg er open for alt, seier Grodås til Vikebladet Vestposten.

Hans beste sesong

22-åringen er inne i sin fjerde sesong i Hødd. Skadar har sett han på sidelinja i delar av alle dei fire sesongane så langt, også denne. Men sidan den 13. runden 10. juni har Victor Grodås spelt alt. Vikebladet Vestposten sin børs viser at venstrebacken har vore blant Hødd sine mest stabile spelarar i år. Børssnittet hans er det tredje beste av dei som har spelt eller kan kome til å spele nok til å bli årets Hødd-spelar. Grodås er også sjølv einig i at han er inne i sin beste Hødd-sesong så langt.

– Eg føler at eg har tatt steg i år. Det har vore moro å spele og eg har fått ei sentral rolle i laget. Etter den første sesongen min i Hødd har eg stort sett vore bra defensivt. Men i år har eg også utvikla meg offensivt. Eg har fått sjølvtillit etter gode opplevingar. Og så er det jo fleire sjansar til å gå offensivt no enn før, forklarer Victor Grodås.

Og viser til at då Akeem Latifu var høgreback vart det ofte slik at venstrebacken ofte vart ståande igjen, slik at Latifu fekk ta sine mange offensive løp.

Trivest i Hødd

Den tidlegare Stabæk- og Skeid-spelaren Mike Kjølø er Victor Grodås sin agent. Og Grodås let agenten styre det som har med framtida hans å gjere når det kjem til interesse frå andre klubbar. Men Grodås avkreftar på ingen måte at han tek ein femte sesong i Ulsteinvik.

– Eg trivest veldig godt her og det kan fort bli fleire år i Hødd. Eg tek det som det kjem. Akkurat no tenkjer eg mest på å ta poeng og å spele bra kvar søndag, fortel Victor Grodås, son til Norge sin VM-kaptein i 1998; Frode.

– 36 poeng

Denne helga har Hødd og dei andre laga i dei to øvste divisjonane fri, sidan det er internasjonale landskampar før og etter helga. Måndag 15. september er det på'an igjen for Hødd med bortekamp mot Tromsø. Det er den første av sju resterande seriekampar i år. Per no ligg Hødd mellom barken og veden på tabellen. Poengfangsten så langt er på 30 poeng. Det er ni opp til kvalifiserings og seks ned til nedrykk.

– No må vi sikte oss inn på å kome opp i 36 poeng så fort som mogleg slik plassen er sikra. Så får vi eventuelt sjå oppover på tabellen når vi har klart det, varslar Victor Grodås.