Fredag 3. oktober kjem sjølvaste Sivert Høyem til Sjøborg Kulturhus i Ulsteinvik.

Songaren frå Sortland vart kjend som vokalist i Madrugada, men står også støtt på eigne bein. Hausten 2012 drog han ut på turne på eiga hand med gitaren sin for første gong. Sivert Høyem fortel at albumet "Endless Love" grodde fram frå den erfaringa.

"Endless Love" kom ut 1. mars i år. Plata gjekk rett til 1. plass på VG-lista har og har blitt omtala som Høyem sitt beste og mest heilstøpte album så langt.  Høyem har tidlegare gjeve ut albuma "Ladies and Gentlemen of the Opposition" (2004), "Exiles" (2006), "Moon Landing" (2009) og "Long Slow Distance" (2011).

Gode kritikkar

Både "Endless Love" og turneen til Sivert Høyem har fått gode kritikkar. Høyem speler i både inn- og utland. Fredagskvelden spelte han på Finnsnes, noko som fekk journalisten i Nordlys til å gje konserten terningkast seks.

Dylan på nynorsk

Tom Roger Aadland skal varme opp for Sivert Høyem på Sjøborg. Aadland vart lagt merke til då han gjendikta og song Bob Dylan på nynorsk på albumet "Blod i spora" (2009). I fjor haust gav han ut CD-en "Fløyel og stål" med songen "Min beste ven på ein dårleg dag", denne songen hamna fort på A-lista til P1. Albumet fekk strålande kritikkar.

Billettsalet til denne fredagskvelden på Sjøborg har alt starta.