- Det eg hugsar er at vi skulle møte nokon på Eurospar-butikken. Vi gjekk over gangfeltet, der ein bil stoppa for oss i eine køyrefeltet. Ein annan bil kom køyrande i andre køyrefeltet, men vi tenkte at den var så langt vekke, og at sjåføren kom til å stoppe, så vi gjekk berre over. Så såg eg berre eit skarpt lys, og så blei det mørkt.

Sharon Brandal og venninna blei frakta til sjukehus, og heldigvis overlevde dei ulukka begge to. Jentene vart påkøyrde i fotgjengarovergangen over Strandgata mellom Eurospar-området og Hamnesenteret.

Minna frå trafikkulukka i Hareid sentrum i desember for tre år sidan sit framleis i ho, og ho likar seg ikkje så godt ute i trafikken i mørket. Men, hareidsdølingen tenkjer ikkje så mykje på ulukka i kvardagen.

No nyt 19-åringen livet som folkehøgskuleelev på Rødde Folkehøgskole i Melhus, der ho går på Multisport Bali-linja.

- Eg gler meg til vi skal reise til Bali i slutten av januar, seier ho til lokalavisa.

- Alle bør ha refleks

Ein mørk vinterkveld kan det vere ekstra vanskeleg å sjå, og ein refleks kan fort vere forskjellen på liv og død. Ifølgje forsikringsselskapet If, som også har skrive om Sharon si historie (ekstern lenkje), blei 12 fotgjengarar drepne og 115 skadde i trafikken i 2015. Det totale talet har ikkje vore høgare sidan 2008. Fire av ti fotgjengarpåkøyrsler har dei siste åra skjedd i mørket. Det viser tal frå Vegdirektoratet.

I Sharon og venninna sitt tilfelle var lukka på deira side den mørke desemberkvelden i 2013. Ho slapp frå trafikkulukka med "berre" eit brot i skuldra, sår rygg og eit forslått ansikt. Ho hadde heller ikkje indre blødingar. Det er inga tvil om at ho var svært, svært heldig.

- Før ulukka brukte eg ikkje refleks, og tenkte vel som dei fleste unge at noko slikt skjer ikkje med meg. Det gjorde det. No nyttar eg refleks heile tida, seier Sharon til If.

Ulukka har fått Sharon til å ville oppmode andre, og då spesielt ungdommar som ho sjølv, om å bruke refleks. Også til Vikebladet Vestposten er ho klar i sin tale:

- Bruk refleks, slik bilane ser dykk. Det kan redde liv! seier Sharon Brandal avslutningsvis.