– Eg kan stadfeste at vi har vore på Hareid, men meir kan eg ikkje seie, svarer kulturredaktør Sigrid Hvidsten i Dagbladet.

Vikebladet Vestposten kjenner til at folk i Hareid som har blitt intervjua av Dagbladet har fått mail om at det kjem ein fem sider lang reportasje i Dagbladet komande laurdag. Men mykje kan skje i avisverda, og vi må ta høgde for at reportasjen kan bli luka ut til fordel for store nyhende.

Det var for nokre veker tilbake Dagblad-journalist Knut-Erik Lindblad og ein fotograf var på Hareid og intervjua mange personar om «Fotbladet».

Omstridd 17. mai-avis

Moroavisa til Hareid IL byrja å kome ut i 1970, og har sidan kome kvart år. Avisa har blitt diskutert, og det er ikkje alle som er begeistra for innhaldet. Enkelte meiner det ikkje er moro i det heile, og at det hallar mot vondsinna skriveri.

Ein av dei som vart intervjua av Dagblad-journalisten var leiar Vegard Gjerde i Hareid IL.

– Dei sa dei hadde fatta interesse for at «Fotbladet» ikkje har redaktør eller skribentar som står fram med namna sine. Dei meiner dette er heilt spesielt i Norge, fortel Gjerde.

Han flytta frå Hareid på 1960-talet, og har fortalt Dagbladet at han ikkje visste om «Fotbladet» før han flytta tilbake til Hareid i 2014.

– I fjorårets «Fotblad» stod eg oppført som leiar i Hareid IL, slår Gjerde fast.

Kjem ut også i år

Han stadfester at styret har drøfta om dei skal halde fram med å gi ut «Fotbladet».

– Ikkje først og fremst på grunn av kritikken som er sett fram, men fordi det er lite å tene på avisa i forhold til innsatsen som blir lagt ned. Det er eit heilt apparat med folk som skal selje annonsar og distribuere avisa, forklarer han.

Konklusjonen vart likevel at «Fotbladet» skal kome ut også i 2017.

Også Hans Gisle Holstad, tidlegare leiar i Hareid IL er intervjua av Dagbladet.

– Det kom nokre journalist-karar på døra her for ei tid tilbake. Dei spurde meg om eg meinte «Fotbladet» burde leggjast ned, og eg svara at med litt justeringar så bør 17. mai-avisa halde fram, fortel Holstad.

Arnljot Grimstad og Finn Sindre Eliassen har begge ytra seg i Vikebladet Vestposten om at humoren i «Fotbladet» er langt over streken for det sømelege.

– Eg var på Hareid for ca. 14 dagar sidan, og der møtte eg to journalistar frå Dagbladet. Dei fotograferte meg og Finn Sindre Eliassen i friluft utanfor Terminalbygget, opplyser Grimstad.

Han hadde med seg kopi av innlegga han har skrive om «Fotbladet» i Vikebladet Vestposten.

– Eg trur ikkje eg har blitt sitert på noko i Dagbladet, legg han til.

Arnljot Grimstad fortel også at han høyrde Finn Sindre Eliassen seie til journalistane at dei bør få fram at Hareid IL gjer ein stor og viktig innsats for innbyggjarane i Hareid.

Det har ikkje lykkast Vikebladet Vestposten å kome i kontakt med Eliassen.

Sjefen: Vegard Gjerde er leiar i Hareid IL, og fortel at «Fotbladet» kjem ut i år også. (Arkivfoto). Foto: J.Slattavik