Karsten Warholm (18) frå Dimna IL sprang inn til tida 46.31 på 400-meter under elitestemnet i Florø i dag. Det gav andreplass i løpet og er ny norsk juniorrekord. Tida er berre to tidelar svakare enn den norske seniorrekorden til Quincy Douglas. Men ikkje berre det. Warholm er kvalifisert til senior-EM i Zürich midt i august.

- Over all forventing

- Dette gjekk over all forventning. Det låg i korta at Karsten ville gjere ein bra 400-meter. Han har trena godt den siste tida og heatet var sterkt. Men ei så god tid hadde vi ikkje sett for oss. Vi såg for oss ei tid på om lag 47.50, noko som ville ha vore personleg rekord med ca. eit halvt sekund. Karsten hadde jo heller ikkje lada spesielt opp til dette stemnet. Han trena hardt heilt fram til onsdag, fortel trenar Arve Hatløy til vikebladet.no.

Hoppa lengst

Ikkje mindre imponerande var det at Karsten Warholm vann lengdekonkurransen berre 40 minutt etter den fantastiske 400-meteren. Han hoppa 7.35 meter i sitt lengste hopp, litt bak persen på 7.47. Eigentleg var det lengde Karsten skulle prioritere i Florø, men saman med trenar Hatløy såg han an situasjonen og vurderte han annleis. 7.35 er svært bra med tanke på at 18-åringen låg rett ut etter 400-meteren og var nær ved å spy. Under lengdekonkurransen hadde han mykje mjøkesyre i føtene.

Bislett, VM og EM

Karsten Warholm går ein svært spennande sesong i vente. Neste helg spring han 200-meter under Bislett Games. I juli skal han delta i tikamp i U20-VM. Og i august skal Karsten altså vere med i senior-EM, i alle fall om forma er god etter VM og han sjølv ønskjer å delta.