Ishavsskuta Polarstar er for tida i Polen for oppgradering. Ho forlet Hareid 4. desember og kom fram til Stettin 9. desember - etter eit døgns vêrstopp i Kopervik.

- Turen gjekk bra, sjølv om vêret ikkje var det beste, opplyser Willy Nesset på telefon frå Stettin - eller Szczecin, som er korrekt stavemåte der nede.

Eit solid mannskap var med skuta nedover. - Eit mannskap som kunne ha gått rett i selfangst, eller på ein polar ekspedisjon, meiner Nesset.

- Her skuta ligg ved kai i Stettin har det vore mange nyfikne folk og sett på henne. Oppdraget her nede er å la fagfolk gå grundig gjennom skuta med tanke på reparasjon og oppgradering. Det er ikkje sett noko tidsramme, det får gå i det tempoet som høver.

- Eg kan ikkje love noko om når skuta legg på heimveg, berre tipse om at tidsskriftet Isflaket,  bladet til Ishavsmuseet Aarvak, vil halde dei interesserte oppdaterte på framdrifta ut gjennom året - i kvart nummer.

- Så den som ynskjer å fylgje med, må tinge seg eit abonnement. Det kan dei gjere på museet, som til slutt skal ta over skuta.

- Det blir spennande tider frmaover. Interessa for skuta er stor - og vi har mange forespørslar frå inn- og utland, fortel Nesset, som leikar emd tanken om å skipe ei vennegruppe for skuta - “Polarstars Venner”..

*

I siste nummer av det nemnde Isflaket er der ein nærare artikkel om Polarstar, som vart bygt i 1948.

Skuta har hatt liggeplassar fleire stader rundt på Søre Sunnmøre. Sist låg ho i Hjørungavåg - i påvente av kva som skulle skje vidare.

Før skuta sette kursen mot Polen, der Willy Nesset har eigarinteresse i eit verft, vart ho gjort grundig klar slik at Skipskontrollen kunne godkjenne henne for reisa.

Kommentarane etter denne sjekkrunda var at skuta var i “forbausande god stand”.

Polarstar er i dag stort sett, med unntak for nokre få ombyggingstiltak, slik ho var då ho kom frå byggeverftet.