I går kveld var det høgtidleg opning av det som truleg er regionens flottaste leikeplass.

Over 250 personar møtte opp då leikeplassen i Hjørungavåg vart høgtidleg opna av kultursjef Oddbjørn Grimstad i Hareid.

Leikeplassen ligg i Pilskogane, og har eksistert i mange år. Men det er mange år sidan der var noko særleg til aktivitet. Plassen var nedsliten, og leikeapparata til dels farlege å bruke.

For nokre år sidan vart det danna eit nytt styre i Pilskog Overå Velforening. Dei har gått på med stor entusiasme. Velforeininga er registert i Brønnøysundregisteret, og det gjer at dei har fått tak i ein del midlar frå statlege og fylkeskommunale aktørar.

I tillegg har dei med stor glød gått ut i sponsormarknaden. Nærare 40 verksemder har gitt støtte til leikeplassen. Totalt har dei fått inn 335.000 kroner i sponsorstøtte. Sparebanken Møre, Brekke & Kleppe Anlegg, Spenncon Hjørungavåg og Jets er dei største sponsorane.

Frivillige har lagt ned 2000 dugnadstimar.

Kultursjef Oddbjørn Grimstad fekk klippe snor og erklære leikeplassen for opna. Han var imponert over kva Pilskog Overå velforening har fått til.

- 2000 timar med dugnad er omgjort i pengar om lag 400.000 kroner. Det betyr at foreninga har skaffa 750.000 kroner.  Det er flott at frivillige og næringslivet i Hareid viser så stort samfunnsansvar, kommenterte Grimstad.

Med i styret i Pilskog Overå Velforening er Ragnhild Nedrelid, Irene Overå, Stig Ulstein, Frode Bakken og Anthoni Hjørungdal.

Dei hadde også fått dei tre kolonialforretningane på Hareid, Bunnpris, Coop Extra og Eurospar til å spandere is, pølser og hamburgarar på opningsdagen. I det strålande veret gjekk det unna store mengder is, og dei nye grillane hadde stadig nye ladningar med pølser og hamburgarar klare. Det trengst mykje mat når 250 personar skal mettast.

Alle dei nye leikestativa har offentleg godkjenning og skal vere trygge. Og den nye sandvolleyballbana ligg der no forlokkande og klar til bruk.