57 seglskuter frå heile verda vil vere på plass når festivalen opnar førstkomande onsdag, inkludert verdas største, det russiske kadettskipet Sedov. Det er venta mykje folk til byen mellom onsdag og avslutningsdagen laurdag 18. juli.

- Vi har fått på plass i alt 1.500 parkeringsplassar frå sentrum til Moa. Fleire kan vi ikkje oppdrive. Eit godt alternativ er å nytte seg av bussen, som kvar dag går frå Spjelkavik/Moa inn til sentrum frå klokka 10 på formiddagen til klokka 2 på natta, fortel Anne Bente Skjellum, informasjonsansvarleg for The Tall Ships Races Ålesund 2015.

Ho ønskjer alle frå Hareidlandet og Søre Sunnmøre hjarteleg velkomen til det som blir eit av dei desidert største arrangementa i regionen dei siste åra.

- Dette blir fantastisk, og vi gler oss noko heilt enormt. Det er svært mange flinke folk som har jobba lenge for å få dette i hamn, seier Skjellum.

- Last ned appen, hald deg oppdatert

Då regattaen vitja Ålesund i 2001, rekna ein seg fram til at rundt 250.000 menneske var innom byen i løpet av festivalen. Det har vore mykje tvil kring teljemetoden under regattaen dei siste åra, men i år har ein sikra seg ein ny, betre metode. Slik som Åknes-Tafjord Beredskap til ei kvar tid kan finne ut av kven som er innanfor ein viss radius, vil ein under årets The Tall Ships Races i Ålesund kunne telje alle mobiltelefonane innanfor basestasjonane i Ålesund sentrum.

Det vil uansett bli eit enormt folkemylder i Ålesund dei komande dagane, og informasjonsansvarleg Anne Bente Skjellum ber alle som har smarttelefon om å laste ned regattaen sin eigen app for Ålesund som hamn.

- På denne måten held du deg alltid oppdatert på alt som skjer i byen. Her kan du finne ut kvar alle skipa ligg, og all informasjon du vil måtte trenge. Du kan laste ned appen både til Iphone og Android-telefonar, fortel Skjellum og legg til:

- Så vil eg gjerne legge til at alle som kjem til Ålesund tek med seg sitt beste smil, for det vil bli mykje folk. Ha tolmod og oppfør dykk pent, det er trass alt festival. Så bør ein jo også sjølvsagt passe ekstra godt på alt av verdisaker, då det blir store folkemengder.

Elles vil ein kunne følgje med på fire storskjermar, det blir telt ein kan setje seg ned i, fleire standar i Skansegata og europeisk matmarknad i Korsegata.

Småbåtar til Gåsholmen

Det er nok også ein god del folk som tek sjøvegen til Ålesund. For dei med småbåtar har Skjellum følgjande instruks.

- Ålesund Seilforening har vore så snille og lånt oss seglarhytta på Gåsholmen. Dei som kjem i småbåtar kan legge til her, og sitje på med skyssbåt inn til sentrum.