Ulstein kommune har lenge hatt ein skatteinngang som er høgre enn landsgjennomsnittet, 118 prosent. På grunn av dei utfordrande tidene har Rådmannen redusert forventningane til 100 prosent. Det gjev kommunen rundt 17 millionar mindre å rutte med.

I går kveld leverte Ulstein Framstegsparti sitt framlegg til budsjett. I føremiddag leverte Ulstein Arbeidarparti eige budsjettframlegg. Båe parti vil at kommunen skal budsjettere litt meir optimistisk med skatteinntekter, noko som også gjev dei fleire kroner å fordele i budsjettet.

Framstegspartiet

Ulstein Framstegsparti vil budsjettere med ein skatteinngang på om lag 103 prosent av landsgjennomsnittet, slik får dei inn 2,7 millionar meir. Pengane vil dei nytte til å styrke omsorgssektoren (1 million i 2006, 2 millonar dei neste åra), trafikktryggingstiltak, sanitærbygg på Osnessanden, miljøtiltak i krinsane og leirskule barnetrinnet.

Dei ser på leirskule som eit viktig trivselstiltak, men det er ikkje ein lovpålagd oppgåve. Så dette vil nok ikkje kommunen ta seg råd til kvart år, men vurdere frå år til år.

Framtstegspartiet har i alle år vore imot eigedomsskatt, men no ser dei ikkje anna råd enn å innføre det. Men pengane skal ikkje gå til drift. Dei skal gå til å byggje opp eit likviditetsfond. Når fondet er på 50 millionar om 3-4 år, vil dei avvikle skatten igjen.

Les også:

Vil vente med eigedomsskatt

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet er endå meir optimistiske og budsjetterer med ein skatteinngang på 104,5 prosent. Då får dei 3,73 millionar kroner meir å fordele. Ein stor del av pengane skal gå til å auke grunnbenamminga innan demens (1,98 millionar kroner). Dei vil nytte 750 000 kroner til ein miljøterapeut innan helse og rus. Dei vil nytte ein halv million i året på å sende barneskuleelevar på leirskule, og ein halv million i året på å redusere husleiga på omsorgsbustadene i Holsekerdalen.

Vidare saksgang

Ulstein formannskap skal diskutere budsjett og økonomiplan i ettermiddag. Då skal dei også ta stilling til kva dei meiner om eigedomsskatt. Ulstein kommunestyre gjer endeleg vedtak 17. desember.