Det er ikkje mykje du har gått glipp av?

– Eg har vel starta alle kampane, treningskampar, seriekampar og cupkampar. Eg har blitt byta ut nokre gongar i treningskampar, fortel Törnqvist, men i all hovudsak har han vore på bana for Hødd. Faktisk har han spelt kvart minutt i serien sidan han kom til klubben.

– Eg trur nok ikkje det er så mange som har spelt så mange kampar så fort, og utan å stå over nokon kampar. Det er kjekt og eg håpar det blir hundre kampar til, smiler Hødd-kapteinen.

Den finske 30-åringen jobbar som personleg trenar ved sida av fotballen, og fysikken er viktig for å vere så stabil som han har vore.

– Det er sjølvsagt viktig å ikkje bli skadd, men ein må også prestere på eit så høgt nivå at ein blir teken ut til kampane. Ein må prestere kvar dag på trening og samstundes prøve å ha kontroll på kroppen, slik at ikkje den går i stykke. Der er ein balansegang, fortel Törnqvist.

Flott markering

Han fekk sin kamp nummer 100 i 3–0 sigeren mot Brann.

– Eg kunne ikkje fått ei betre innramming på det. Eg må få takke alle som var her og heile laget. Det var ein veldig fin kamp som eg alltid kjem til å hugse. Vi er botnsolide, byggjer vidare på det vi var gode på mot Fredrikstad og er smarte med ballen. Vi kontrollerer eigentleg heile kampen, roar ned når vi bør og brukar tempo når vi bør. Det gjer at vi spelar ut Brann.

Hødd har framleis att to kampar denne veka, først mot Herd i cupen, og deretter ein bortekamp mot Bærum i serien. Törnqvist håpar på å vere involvert i begge.

– Om eg blir teken ut så spelar eg gjerne. Det er å spele kampar som er det kjekkaste, det er betre enn trening, ler Törnqvist. Samstundes legg han til at han ikkje er pur ung lenger og at han må kjenne litt meir på korleis kroppen responderer.

Vil unngå Cup-smell

I fjor gjekk Hødd på hovudet ut av cupen etter ein elendig kamp mot Florø, og mot Herd blir det ei heilt annleis utfordring enn mot Brann.

– Det går mykje på det mentale. Vi hadde ei god oppleving mot Brann, så no må vi tilbake til det grunnleggande og fokusere på det som skal til for å vinne kampen mot Herd. Vi må jobbe steinhardt og vi kan få ein tøff kamp.

Medan Brann-kampen var eit tidleg høgdepunkt for Hødd denne sesongen, blir cupkampen truleg den største kampen Herd spelar denne sesongen. Difor er det truleg eit svært motivert lag Hødd møter på torsdag.

– Det er litt snudd på hovudet sidan Brann-kampen. Dette er ein kamp Herd veldig gjerne vil vinne og det kan vere litt skummelt, så vi må vere godt budde og då skal vi ta dei.

Törnqvist slår fast at Hødd ikkje ønskjer å gjenta cup-fadesen frå i fjor, men han meiner også at laget er betre budde på kva som ventar denne gongen.