- Vi er naturlegvis skuffa over å ikkje lenger delta i NM lenger. Vi hadde eit klart mål om å kome oss lenger enn dette. Vi hadde nokre moglegheiter til å score, men vi klarar ikkje å ta dei og då vinn Brattvåg, medan vi må reise heim litt slukøra.

Det seier ein fatta, men klart skuffa Hans-Erik Eriksen medan Brattvåg-spelarane jublar for avansement i garderoben. Sigersropa frå dei gulkledde runga ut i lufta, medan Hødd-spelarane raskt sette kursen for bussen heim til Ulsteinvik.

Tidlegare i vinter slo Hødd Brattvåg heile 8-0 i ein treningskamp, men Eriksen meiner ein ikkje kan samanlikne dagens kamp med ein cupkamp.

- Fotballen er heldigvis ikkje så enkel. Det er mykje som slår inn og no møter vi eit Brattvåg-lag med mykje sjølvtillit, medan vi leitar etter den gode kjensla. Det er med på å bikke kampen i dag.

Hødd gjorde mykje feil med ballen i laget i den første omgangen, og fekk aldri spelet til å sitte skikkeleg. I staden var det Brattvåg som tok leiinga. Og sjølv om Hødd løfta seg mange hakk etter kvilen, så kom aldri scoringa.

- Hadde vi visst kva som gjorde at det blir sånn, så hadde vi retta på det før scoringa kom. Første omgangen er det mykje feil frå begge lag, men vi klarar ikkje å få sett vårt preg på det. Brattvåg har mykje energi, spring mykje og gjer det vanskeleg for oss. I den andre omgangen ser ein at det er eit lag på eit høgare nivå. Mot slutten blir dei slitne, men vi evner ikkje skape konstant og nok trykk mot dei og då blei det som det blei, seier Eriksen.

Kampen mot Brattvåg går inn i rekkja av kampar der Hødd ikkje får det skikkeleg til å sitte, men Eriksen tek opp att at ein håpar det losnar så snart som råd. Helst allereie på sundag.

- Då må vi vere eit betre utgåve av oss sjølv. Vi må vise sterkare og klarare personlegheit i alt vi gjer. Det gjorde vi i førsteomgangen mot Levanger, men då gleppte det litt i andreomgangen. Og vi var heller ikkje der vi skulle vere frå start i dag. Vi må vere krystallklare på kva vi vil vere og korleis vi ønskjer å stå fram, fortel Eriksen.