(Sunnmørsposten): Bankveteranen Leif Teksum tek over rolla som styreleiar i Kleven etter at konsernet har fått nye eigarar.

Frå det gamle styret er det berre Kjersti Kleven som held fram, men som styremedlem i staden for leiar. Også tidlegare Statoil-sjef Olav Fjell, som gjekk inn i styret så seint som i sommar, er ute, ifølgje opplysningar rapportert inn til Brønnøysundregistrene.

Røkke-kamp

Siviløkonomen Leif Teksum har vore i DnB-systemet i ein mannsalder, der han mellom anna hadde vore i toppleiinga i meir enn 20 år, då han slutta i 2014.

Teksum har vore med å avgjere lagnaden til nokre av landets største bedrifter, mellom anna var han sentral då Kjell Inge Røkke fekk kontroll i Kværner på starten av 2000-talet.

I dag er han såkalla «styreproff», mellom anna som styreleiar i Yara International og roller i styrene til bedrifter som Selvaag Eiendom og Evry. Teksum er busett i Bergen.

Stordalen-partnar

Inn i Kleven-styret kjem også Henrik August Christensen som omtalast som kjendisadvokat i Dagens Næringsliv sine spalter. Christensen gjekk nyleg av som styreleiar i kriseramma Norske Skog og har styreverv i fleire av Petter Stordalen sine selskap.

Stordalen er som kjend ein av dei nye majoritetseigarane i Kleven, saman med Hurtigruten og britiske TDR.

Advokat-partnar

Anne Kjølseth Ekerholt, er også nyvalt til Kleven-styret. Ho er partnar i Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange og blir presentert som ekspert i transaksjonsrådgjeving for større klientar, mellom anna industrikonsern og finansforetak. Ho er ikkje registrert med andre verv, enn som varamedlem til to bedriftsstyrer.

Ole-Christian Sandvold er truleg det mest ukjende namnet i det nye styret, men skal vere oljeanalytikar.

Tidlegare Rem-sjef

Ein mann som mange vil dra kjensel på lokalt er Arild Myrvoll frå Fosnavåg som i fleire år var Åge Remøy si høgre hand i Rem Offshore.

Denne saka blei først publisert på smp.no.