Grim & Gryt Økobryggeri AS på Hareid har søkt kommunen om løyve for sal av alkoholhaldig drikke over disk. Det gjeld drikke som inneheld mellom 2,5 og 4,7 % alkohol.

Verksemda har tilverkingsløyve til 22 % alkohol. Rådmannen tilrår løyvet mellom kl 09.00 og kl 20.00 på kvardagar. På laurdag og dagar før heilagdagar skal salstida vere mellom kl 09.00 og kl 18.00.

Øyvind Gryt Grimstad er oppført som skjenkestyrar og Andreas Grimstad som avløysar for denne. Dei eig også majoriteten av verksemda, 46 % kvar.