Constructer AS (CAS) og Ulstein Betong Utbygging AS (UBU) formaliserte tidlegare i år samarbeidet mellom selskapa i eit nytt, felles selskap. Selskapet med det høvelege namnet Ulstein Betong Constructer AS, blir delt opp i ein halvdel til kvar av selskapa som går inn i samarbeidet. Selskapet har allereie fleire spanande prosjekt på gang, og ønskjer også no å vere med i debatten kring eit nytt helsehus på Hareid. Som kjent lanserte Hareid Eigedomsutbygging i førre veke ein idé om eit hus som inkluderer både forretningslokale, helsehus og leilegheiter. Eit hus som berre vil bli realisert om Hareid kommune blir med på laget.

– Som ei forlenging av den debatten som har funne stad i media har vi eit eige forslag, eit alternativ vi meiner er like bra som det som har vore føreslått til no, seier Harald Sætre frå Ulstein Betongindustri AS.

– Ei passande tomt

Ulstein Betong Constructer AS er i desse dagar svært spente på om dei snart får setje i gong å realisere eit leilegheitskompleks i Gjerdegata i Ulsteinvik. Det er også tanken kring den fem mål store tomta selskapet har på hand på Hareid, tomta som ligg mellom Melshorn Hotell og Hareid rådhus.

– Vi meiner vi har ei tomt her som passar som hand i hanske i forhold til den utbygginga som har blitt signalisert behov om her på Hareid. Ei utbygging med nytt legesenter og moglegheiter for å huse andre fasilitetar, i tillegg til leilegheiter, seier Sætre.

– Det er ei stor tomt som det kan gjerast noko skikkeleg flott på, seier Glenn Thoresen i Constructer AS.

I eit eventuelt bygg på denne tomta ser selskapet føre seg ein etasje med parkerings- og næringslokale, til dømes til eit helse- og/eller legesenter, og bustader over dette.

Ønskjer å vere med på Hafest

Constructer AS står for prosjekteringa på forslaget, og har kome fram til eit alternativ dei ønskjer å presentere for Hareid kommune og offentlegheita. Ulstein Betong Constructer AS ønskjer å slutte seg til initiativet til den nyoppretta organisasjonen Hafest, ein organisasjon med mål om å skape trivsel og meir aktivitet i Hareid sentrum.

– Vi også har lyst å vere med på «Hafesten». Det er eit svært godt tiltak for bygda og heile kommunen, seier Glenn Thoresen.

Vil regulere tomta

Karane i Ulstein Betong Constructer ønskjer med dette å fortelje Hareid kommune at dei er interesserte i å setje i gong ei regulering av tomta.

– Det må gjerast både på denne tomta og på Hamnesenter-tomta, der den andre gruppa har eit forslag om nytt bygg. Om ein skal forbetre sentrum i Hareid så må ein tenkje heilskapleg. Tomta vi har er ei sentral og god tomt, som ligg midt i smørauget, seier Glenn Thoresen.

Kollega i Constructer AS, Nils-Erik Skeide, fortel at samarbeidsselskapet Ulstein Betong Constructer har hatt eit ønskje om å regulere denne tomta i lengre tid.

– Det har blitt lagt på is grunna ulike signal vi har fått, mellom anna frå Hareid kommune. Signalet så langt er at kommunen er positive til det vi vil få til her på denne tomta, seier Skeide.

– Om eit nytt helsehus kombinert med til dømes leilegheiter og anna næringslokale blir her på denne tomta eller på andre tomter, vil det uansett vere positivt å få legesenteret ned til sentrum.

Slik som dette kan eit nytt kombinert helsesenter og leilegheitsbygg i Hareid sentrum bli, plassert mellom Melshorn hotell og Hareid rådhus. Foto: Skisse/Constructer AS.