Tre av fire meiner at felles fyrverkeri er eit flott tiltak, kjem det fram i ei undersøking YouGov har gjort på oppdrag frå forsikringsselskapet If.

Emma Elisabeth Vennesland, assisterande informasjonsdirektør i If Skadeforsikring, seier i ei pressemelding at dette er særs positive tal.

– Fyrverkeri nytest best på avstand, og er både sikrare og flottare å sjå på når det blir skote opp av profesjonelle. Ofte er det meir flaks enn forstand som forhindrar ulukker når fyrverkeri blir skote opp på eiga hand, seier ho.

1010 personar mellom 18 og 74 år, frå heile Noreg, har svara i undersøkinga.

Avkutta fingrar

Kvart einaste år får legevaktene rundt om i landet inn skadar forårsaka av fyrverkeri. Det er augeskadar, avkutta fingrar og ansiktsskadar.

– Sjølv om fyrverkeri rundt nyttårsskiftet skapar stemning og er flott å sjå på, er det fort gjort å miste kontrollen på fyrverkeri. Sprengstoff, stress og alkohol i samband med nyttårsskiftet er ikkje nokon god kombinasjon, kommenterer Vennesland.

Positiv til fellesfyrverkeri

Forsikringsselskapet If er særs positive til at det no blir meir og meir vanleg med fellesfyrverkeri. Det blir tryggare når kommunar, idrettslag og lokale lag går saman og lagar ein ny tradisjon. I Malvik i Trøndelag har selskapet sitt Trygghetsfond støtta fellesfyrverkeriet med 10 000 kroner.

Nyttårsaftan blir det skote opp fyrverkeri for fleire hundre millionar kroner i Noreg. Men det byrjar bli meir vanleg med fellesfyrverkeri, slik det også er mange stader i utlandet.

Mange har opplevd fyrverkeri ute av kontroll

Kvar andre nordmann, 49 prosent, svarer at han har opplevd fyrverkeri ute av kontroll. Fyrverkeri ute av kontroll rammar tilfeldig. Fleire menn enn kvinner har opplevd fyrverkeri ute av kontroll.

Ved fellesfyrverkeri vil 55 % droppe å ta med eige fyrverkeri, svarer dei.

Nesten kvar femte nordmann meiner at fyrverkeri er bortkasta pengar, uansett kven som betaler.