I år heiter turneringa Sparebank 1 Grendacupen, og er den 21. strake i rekkja. Frå 1994 til 1999 var det ein kompisgjeng frå Hjørungavåg som arrangerte turneringa. I år 2000 tok Hareid IL over turneringa.

I 1994 var det berre herreklasse. Året etter kom damene inn. I 2000 vart det oppretta ein eigen ungdomsklasse. Og dei siste par åra har det vore eigne ungdomsklassar for gutar og jenter.

Det er langt frå berre aktive utøvarar som deltek i Sparebank 1 Grendacupen 28. og 29. desember. Enkelte spelar aldri fotball elles og legg inn ein såkalla kunstig formtopp. Nokre er faste på lag i Tippeligaen, 1.-divisjon eller Toppserien, medan andre held til i breidde- eller ungdomsfotballen.

«Kjåka follt» i Hareidhallen

Felles for dei fleste er at denne turneringa er romjulas høgdepunkt. Hareidhallen blir alltid ein fast møteplass der ein ser igjen kjentfolk ein ikkje ser elles i året. På det meste har over 2000 vore innom Hareidhallen i løpet av dei to turneringsdagane. Og under finalane er Hareidhallen alltid «kjåka follje».

For enkelte er målet berre å kome seg nokre minutt på parketten utan å få strekk. For andre er målet å vinne turneringa. Men det er også ei rekkje andre premiar i omløp. Det skal sjølvsagt delast ut toppscorartittelen og pris for beste spelar i kvar klasse. I tillegg kjem premiar som årets mål, årets prestasjon, beste drakter med meir.

I herreklassen er det ein regel som heiter «utlendingsregelen». Her er ikkje ein utlending ein som ikkje kjem frå Norge, men ein som ikkje bur eller har budd minst tre år på Hareid, eventuelt ikkje har spelt 50 kampar for Hareid eller var aktiv for Hareid ved sesongens slutt. Desse reglane finn de på grendacupen.hareidil.no.

I dei andre klassane er det ingen slike reglar. Ungdomsklassen er for dei som går på ungdomsskulen, eventuelt supplert med dei som går siste året på barneskulen. For ungdom jenter er det også lovleg å bruke to overårige (eitt år eldre), medan det for gutane ikkje kan vere meir enn fem frå det eldste ungdomsskulekullet per lag.

Ny historie skal skrivast

Det blir som alltid skrive historie under Grendacupen. Og her kan kan vi ta med nokre moment frå dei første 20 åra med denne gjæve romjulsturneringa:

* Ingen har vunne cupen fleire gonger enn André Egset Nupen. Heile sju gonger har han vunne herreklassen. Han har også tapt finalen éin gong.

* Tre spelarar har vunne cupen seks gonger; Grete Rise, Espen Beiermann og Steinar Egset Nupen.

* * Fire spelarar har blitt kåra til beste spelar i Grendacupen to gonger: André Egset Nupen (menn 2000 og 2005), Fredrik Aursnes (ungdom 2010, menn 2012), Leni Kaurin Larsen (damer 1997 og 1998), Ragnhild Ertesvåg (damer 2012 og 2013).

* Toppscorar seks gonger: Morten Moldskred (menn 2002, 2005, 2007, 2009, 2010, 2012).

* Toppscorar fem gonger: Eva Janne Holstad (damer 1996, 1999, 2001, 2003, 2004)

* Toppscorar fire gonger: Harald Åsland Riise (menn 1996, 1998, 2000, 2003).

* Toppscorar tre gonger: Caroline Overvåg (damer 2009, 2010 og 2013) og Astrid Elde (2006, 2007 og 2008).

Påmeldinga til årets turnering starta onsdag denne veka. Det blir mogleg å melde seg på fram til 10. desember. I spissen for Hareid IL-gjengen som arrangerer Sparebank1 Grendacupen i år er Anita Waage (dagleg leiar), Kristian Angelsen (general) og Einar Orten Trovåg (sekretær) (for tida sjukmeld). I tillegg kjem ei rekkje medhjelparar.