Rolls-Royce Marine skriv i ei pressemelding torsdag at selskapet vil redusere talet på tilsette i den globale Marinedivisjonen med 800 i løpet av første halvår i 2017. Ifølgje meldinga er det ikkje klart kva land som blir råka av desse reduksjonane.

– Det er aldri lett å måtte gå til det steget å nedbemanne, men vi har ikkje andre val enn å halde fram med å tilpasse oss marknaden. Vi har ei grunnleggande sterk verksemd som skal jobbe seg gjennom kortsiktige men store utfordringar, og samtidig fokusere for framtidig teknologi som skal skape vekst, seier Mikael Makinen, divisjonsdirektør for Marine i Rolls-Royce i pressemeldinga.

Totalt har Rolls-Royce om lag 4800 tilsette i marineavdelinga. Om lag 1900 av desse jobbar i Norge.

Samstundes som Rolls-Royce Marine varslar store nedbemanningar gir dei også signal om at dei ønskjer å satse vidare på drift i Ulsteinvik. Her vil dei auke investeringane på teknologiutvikling og servicekapasitet.

I pressemeldinga går det også fram at Helge Gjerde har sagt opp si stilling som direktør i Offshore & Merchant Solutions i marinedivisjonen. Gjerde blir sittande i stillinga ut året, men skal framleis vere tilknytta Rolls-Royce i ei konsulentrolle.

– Helge har hatt e rekkje leiarrstillingar i Rolls-Royce og har dei siste to åra vore eit særdeles verdifullt medlem av mi leiargruppe. Hans energi og drivkraft er uten sidestykke, og eg er glad for at han framleis vil dele sin kunnskap og erfaring med oss framover, seier Mikael Makinen, divisjonsdirektør for Marine i Rolls-Royce.

Helge Gjerde har sagt opp si stilling som direktør i Offshore & Merchant Solutions. Han skal framleis vere tilknytta Rolls-Royce i ei konsulentrolle, skriv selskapet i ei pressemelding.