I Vestlandsnytt tysdag står det å lese:

«Ulstein-gruppa har finansiert den nye redningsskøyta Idar Ulstein, som etter planen skal erstatte Emmy Dyvi i Fosnavåg. No kan det sjå ut som ulsteinvikarane ikkje nøyer seg med å betale for skøyta, men også vil ha ho stasjonert i Ulsteinvik».

Avisa nyttar også karakteristikken «sterke krefter» på dei som no jobbar for å flytte nettopp stasjoneringa av redningsskøyta frå Fosnavåg til Ulsteinvik.

Ingen agenda frå Ulstein

Med bakgrunn i desse påstandane blir det naturleg å høyre med dei som faktisk har sytt for at RS «Idar Ulstein» no tek over for Emmy Dyvi som redningsskøyte, med tilhaldsstad i Fosnavåg.

Kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, fortel at ho har fått med seg oppslaget i Vestlandsnytt, og at Ulstein Group ikkje har nokon agenda for å få redningsskøyta til Ulsteinvik.

– Dette handlar om bu- og arbeidsforholda til mannskapet. Om redningsskøyta blir stasjonert i Ulsteinvik eller i Fosnavåg får bli opp til Redningsselskapet sjølve. Det vi veit er at redningsskøyta har vore stasjonert i Fosnavåg i mange år, og vi har ikkje noko meining om at den må flyttast. Vi ønskjer ikkje å lage dette til noko sak, fortel Lene Trude Solheim.

Kommunikasjonssjefen fortel at Gunvor og Tore Ulstein først og fremst er særs glade for at redningsskøyta endeleg er på plass.

– Vi er veldig nøgde med at prosjektet har kome i mål, og gleder oss først og fremst over det.

Buforholda avgjer

Også NRK Møre og Romsdal har teke tak i denne saka, og til deira nettavis seier flåtesjef Webjørn Knudsen i Redningsselskapet at dei fleste heng seg opp i kva ei eventuell responstid frå Ulsteinvik kontra Fosnavåg vil bli på.

– Mange er opptatt av utrykkinga til Stadlandet, kor alvorlege hendingar kan skje. Idar Ulstein vil bruke 18 minutt kortare tid frå Ulsteinvik, enn det Emmy Dyvi gjer frå Fosnavåg i dag. Slik sett blir beredskapen vareteke uansett kor båten ligg, seier Knudsen til NRK.

Det viktigaste spørsmålet er kring butilhøva til mannskapet som skal vere om bord i RS «Idar Ulstein».

Tidleg i desember skal Redningsselskapet bestemme seg, og per no er det tilbydarar i forhold til buplass i Ulsteinvik, medan berre hotellet er eit alternativ i Fosnavåg.

– Det blir for dyrt i lengda. Men vi vil gje Fosnavåg ein sjanse til å komme med eit tilbod, så ingenting er avgjort, seier Knudsen til NRK Møre og Romsdal.

Ifølgje Vestlandsnytt er det «sterke krefter» som jobbar for å få redningsskøyta «Idar Ulstein» til Ulsteinvik. Foto: Faksimile.