Nordal er leiar i prosjektgruppa som har hatt i oppgåve å vurdere 19 tomter i Ulsteinvik til å plassere ei ny arbeidskyrkje på. Desse tomtene er det planavdelinga i Ulstein kommune som har plukka ut. Dette som eit alternativ til forslaget om å byggje på noverande kyrkje i eit område der det ligg mange gamle graver.

Protestane mot å føre opp eit nytt kyrkjebygg slik det var skissert på den gamle gravplassen var mange, og etter eit folkemøte på Sjøborg i fjor vart det semje om å prøve å finne andre tomtealternativ.

Vi har vurdert dei 19 tomtene ut frå ulike kriterier, som til dømes tilkomst, tekniske tilhøve og klima, og prosjektgruppa samla seg, etter ei grundig vurdering, om at tomta på Store Vikeholmen var den beste, fortel Nordal.

- Eit godt alternativ til kyrkjetomta

Alle i prosjektgruppa meiner denne tomta er eit godt alternativ til kyrkjetomta.

- Store Vikholmen er sentrumsnært, og det kan bli flott med ei kyrkje der med maritim profil om det blir denne tomta som blir valt, seier leiaren i prosjektgruppa.

Han har merka seg at både Ulstein Småbåtlag, Ulstein Seilforening og Sørøyane Røde Kors ikkje ønskjer eit kyrkjebygg på Store Vikholmen.

- Men ei arbeidskyrkje skal vere ei levande kyrkje. Tanken er at der skal vere aktivitetar store deler av døgnet. Det bør kunne gå an å kombinere kyrkjelege aktivitetar med syslar som folk driv på med i fritida si, og dermed skape ein vinn, vinn-situasjon.

- Fleire har vist til Sjømannskyrkje-konseptet. Dersom det blir aktuelt vil soknet invitere alle interesserte og involverte partar til dialog. Men per i dag veit vi ikkje om tomta blir tilgjengeleg. På dette feltet må vi forhalde oss til kommunen, på same møte som med dei andre 18 alternativa som er vurdert, seier Nordal.

Eit alternativ ved dagens kyrkje

Han opplyser at prosjektgruppa, parallelt med plasseringa på Store Vikholmen, jobbar vidare med ei løysing der ei ny kyrkje blir plassert ved sida av noverande kyrkje, men i retning mot Flø. Dette vil skåne dei fleste gamle graver, og dagens kyrkje vil stå fritt, utan noko påbygg.