Orda kjem frå Martinus Hjørungnes, 2.-klassing i realfag på UVS, i det han nettopp har vore inne til intervju og filming i høve uttak av lokale skodespelarar til filmen ”Hjemmebane” i miljøet kring Høddvoll i Ulsteinvik.

Nærare 60 andre var innom Høddvollhuset i same ærend i løpet av torsdagen og fredagen.

Mia Jensen og Maja Skogstad, som var sentrale då det vart halde ”audition” på Høddvollhuset torsdag og fredag, fortel at dei satsar på å sile hundrevis av kandidatar før dei plukkar ut dei som får vere med i filmen.

- Før Ulsteinvik møtte om lag 100 kandidatar på Nordfjordeid – og etter Ulsteinvik ventar testinga av ein god dose unge ålesundarar, så det er mange om beinet.

- Vi må ha så mange å velje mellom for å få tak i dei rette, seier Mia Jensen.

Ungdomane bør vere mellom 16 og 20 år.

Medhjelparar på Høddvollhuset fredag var også Cecilia Strand Bakke og Andrine Nevstad, som begge spelar på Hødd sitt J-16-lag i fotball. Dei sat og registrerte kandidatane etter kvart som dei kom inn.

Først og fremst gutar

- Vi er ute etter gutar og jenter i alderen 16 til 20 år til både store og små roller, men først og fremst til hovudrollene – og flest gutar, fortel Maja Skogstad. Kandidatane blir sendt inn i eit eige rom der dei må fortelje om seg sjølve, svare på spørsmål og eventuelt foreta nokre improvisasjonar framfor kameraet.

Arild Andresen er regissør, medan Johan Fasting forfattar manuskriptet. Serien er eit samarbedi mellom NRK og produksjonsselskapet Motlys.

Sidan handlinga er lagt til ei vestlandsbygd, er dei sjølvsagt ute etter skodespelarar med ein naturleg vestlandsdialekt. Men det er ikkje eit absolutt krav.

Filminga startar våren 2017. Før det blir dei mest aktuelle kandidatane kalla inn til fleire prøver.

Nålauget er altså trongt. Til slutt vil det stå att minst tre hovudrolleinnehavarar – og sikkert nokre fleire til får vere med.

Det er snakk om å spele inn 8-10 episodar, som blir filma i løpet av 2017 – både vår og haust – og så starte redigeringa slik at serien kan vere ferdig til vising på NRK1 TV før neste fotball-VM, som er  i 2018. Serien skal gå på søndagar.