Ferske tal frå Statens Vegvesen fortel at det i fjor var 6.544 bilar som måtte stå over ein eller fleire avgangar på sambandet Hareid- Sulesund.

Det er ein kraftig nedgang frå året før, då 12.063 vart ståande igjen.

Reiarlaget Norled sette inn ei tredje ferje på sambandet hausten 2015, og regionsjef Inge André Utåker meiner det er det som gav effekt i fjor og som gjorde at færre bilar ikkje kom med ferja.

Fleire bilar

Hareid- Sulesund er eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda i landet.  Talet på køyretøy har auka jamt og trutt i mange år, i fjor frakta ferjene nesten 830.000 bilar.  Det er rundt ti tusen fleire enn i 2015. Ifølgje Utåker er det personbiltrafikken som aukar, medan talet på større køyretøy har gått ned. (Sjå statistikken i vedlagt dokument i høgremargen på sida)

Dei siste vekene har to av dei tre ferjene etter tur vore på planlagt verkstadopphald. Norled har inga reserveferje å setje inn.

- Det dei reisande nok har lett for å gløyme, er at det er reserverferja, Høgsfjord, dei ser i dagleg drift, seier Utåker. Han viser til at kontrakten med fylket opphavleg handla om to ferjer i dagleg rute pluss ei ekstraferje. Då fylket bad om tre ferjer i sambandet frå august 2015, gjekk altså reserveferja inn i den daglege ruta.

Også Høgsfjord skal ut

Akkurat no går det tre ferjer mellom Hareid- Sulesund.  Men Inge André Utåker seier det kjem til å verte redusert kapasitet også nokre dagar seinare i juni.

- Også Høgsfjord skal på verkstad, så då vert det to ferjer i vel ei veke, fortel han.

I kontrakten mellom Norled og fylket står det at reiarlaget kan køyre med berre to ferjer i maksimum femti dagar i året. Utåker seier at dei held seg innanfor dette.

1. januar 2019 tek Fjord1 over drifta av sambandet med tre nye ferjer.