Robin Shroot ser ut til å vere på veg til Sogndal. Ifølgje Sogn Avis skal spissen som scora 16 mål i 1.-divisjon for Hødd i 2014 vere ein del av Sogndal-laget som tek sikte på å rykkje opp att til Tippeligaen på første forsøk.

Sogndal har ifølgje avisa kalla inn til ein pressekonferanse klokka 13.00 i ettermiddag, men sjølv om klubben ikkje har sagt noko om kva denne skal handle om, så er Sogn Avis sikre på at det dreier seg om Robin Shroot, som kom til Sogndal natt til måndag.

Sogn Avis meiner også at Shroot skal vere tiltenkt ei kantrolle i ein 4-3-3 formasjon i Sogndal.

Allereie 7. februar kan det bli eit gjensyn med Shroot. Då spelar nemleg Hødd treningskamp mot Sogndal i Sognahallen. Sogndal kjem også på vitjing til nye Høddvoll 31. mars.