Det regnar godt ute, og meir blir det. Noregs Vasdrags- og energidirektorat (NVE) melder at det er venta mykje regn. Det vil kome mellom 40 og 60 mm på tolv timar.

–  På grunn av høge temperaturar kan nedbøren kome som regn også i fjellet. Det vil føre til rask vassføringsauke i bekkar og elver. Sørlege og ytre delar av fylket er mest utsett. Reguleringar vil i nokre tilfelle verke flaumdempande, og meldingar vil difor ikkje alltid gjelde regulerte vassdrag, skriv NVE.

Alle kommunane i Møre og Romsdal har fått varsel om nivå to, gult varsel. Skredfaren er størst der bygene treff, men sterk vind kan også redusere nedbørsmengdene. Det vil bli mindre nedbør i natt. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.

NVE tilrår alle reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner.

Jordskred

Det er også fare for jordskred. NVE har kategorisert alle kommunane i fylket til å vere i kategori 2, gult nivå. Men tysdag aukar faren til nivå 3, orange nivå.

I varslingssamanheng brukar dei jordskred som samleomgrep for jordskred (i tradisjonell forstand), flaumskred (forårsaka som regel av flaum i bekkar og elver i bratt terreng) og sørpeskred.

Fire nivå

NVE har fire aktsemdnivå, der fire er det nivået med størst fare. Nivå to er gult. På dette nivået skal ein vere merksam i utsette område. Hald deg oppdatert om vêret og den hydologiske situasjonen. Førebyggande tiltak som å reinse dreningsvegar er lurt.