Administrasjonen har greidd ut heile femten alternative tomter for kvar den nye brannstasjonen i Ulstein skal byggjast. Dei har sett på faktorar som utrykkingstid, eigarsituasjon av tomt, naboforhold, storleik og utforming og liknande.

Administrasjonen har gjort ein grundig jobb, problemet var at sakspapira kom seint fram til medlemene i teknisk utval. Papira (på 28 sider) vart sendt ut ettermiddagen før møtet. Ikkje alle hadde fått meg seg at det var kome nye papir til møtet, og ikkje alle hadde fått drøfta saka i partigruppene sine.

Teknisk utval var på synfaring til fire av dei femten utgreidde stadene.

Konstituert assisterande rådmann og brannsjef Arne Runar Vik meiner det beste alternativet er å leggje nye brannstasjon i Skollebakken, i skråninga framom Ulshaugen, mot Amfi. Det er den tomta som får høgast scor til saman på dei kriteria dei har vurdert. Men politikarane var ikkje sikre på om ein bør bruke ei slike flott tomt i sentrum til brannstasjon. Kanskje det er betre å byggje bustader der? Eller noko anna som utviklar sentrum?

I teknisk utval var det stemning for å leggje den nye brannstasjonen til nr. 11 eller nr. 13, det vil seie Holsekerdalen eller tomta mellom «Ahlsell» og Ulstein bil. Hannelore Måseide (Venstre) kunne ikkje skjøne at det var store forskjellen i utrykkingstid mellom Skollebakken og nr. 13. – Det må vere snakk om eit halvt minutt eller noko sånt, sa ho.

Til kommunestyret

Eigenleg skulle denne saka berre gå til teknisk utval og formannskapet, men fleire i teknisk utval ytra ønskje om at ein så stor og prinsipiell sak som det er å byggje ein brannstasjon bør opp i kommunestyret, som er kommunen sitt øvste organ.

Kvar ein legg brannstasjonen er viktig for korleis ein vil fortette og ha det i sentrum, dessutan er det snakk om å bruke ein del pengar.

Vik sa at det er heilt greitt at saka kommunestyret får saka på bordet.

Også ordføraren engasjerte seg

Ordførar Knut Erik Engh sit ikkje i teknisk utval, men han engasjerte seg slik i denne saka at han ikkje greidde halde seg unna, men brukte møte- og talretten sin som ordførar.

Han sa han var opptatt av å bruke sentrumstomter til bustader, for å fortette sentrum og få ned bilbruk.

Engh snakka også varmt for alternativ nr. 13, då det ligg nærare Hareid.

Nært brannfolka

Vik fortalde at halvparten av dagens brannkorps arbeider på Rolls-Royce. Det er ein fordel at brannstasjonen ligg nært der folk bur og arbeider, så dei raskt kjem seg på stasjonen og kan rykke ut i tilfelle brann.

Det er mogleg å få det til frå alle dei femten lokasjonane dei har greidd ut, men det er enklare om dei legg stasjonen mest mogleg i sentrum.

Det er også krav til at det ikkje skal vere for lang utrykking til industri, sjukeheim og andre institusjonar.

– Det er veloverveid det me har kome med her, sa brannsjefen.

Landa på to alternativ

Kristin Myrene (Senterpartiet) lurte på om dei ikkje burde samle seg om eitt alternativ, men det var det ikkje stemning for i utvalet. Måseide sa det ikkje var noko nederlag at dei landa på to alternativ. Dei ønskjer anten utbygging i Holsekerdalen eller ved Ulstein bil.

Femten: Administrasjonen har greidd ut femten ulike alternativ til kvar den nye brannstasjonen kan liggje. Medan brannsjefen ønskjer alternativ nr. 9, ønskjer teknisk utval nr. 11 eller 13. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Nr. 11: Holsekerdalen blir sett på som eit godt alternativ, sjølv om brannsjefen er usamd i det. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Skollebakken: Arne Runar Vik meiner det beste alternativet er å byggje ny brannstasjon i Skollebakken, men politikarane var usikre på om det var lurt å bruke denne tomta til kommunale føremål. Foto: Ingvild Aursøy Måseide