– Svarte-torsdag, kommenterer gruppeleiar Knut Kleiven til Vikebladet Vestposten.

– I ei tid der Ulstein har den høgaste arbeidsløysa vel kommunestyret å flytte Nav til Hareid. Ulstein Høgre ser på det som eit heilt surrealistisk vedtak, seier Kleiven. Han meiner at når det ikkje vart noko av samanslåing mellom Hareid og Ulstein er det reelle fakta som må telje. Ulstein har flest brukarar og langt fleire bedrifter, heile 270 bedrifter.

– Alle går ein tøffare kvardag i møte og NAV burde bli i Ulstein for å ta lettare vare på alle desse, meiner Kleiven, som helst såg at Ulstein greidde skaffe fleire statlege arbeidsplassar til kommunen, ikkje få færre arbeidsplassar.