Viktige hendingar:

25 min: 1-0 Eirik Ulland Andersen bankar ballen sin i mål etter ein corner.

41 min: Gult kort - Fredrik Aursnes etter ei sein takling på midtbanen.

49 min: Straffe til Sandnes Ulf og raudt kort til Aslak Falch. Ole Monrad Alme inn for Michael Karlsen.

51 min: 1-1 Malaury Martin scorar på straffe.

58 min: 1-2 Anel Raskaj får altfor god tid etter ein retur og bankar ballen i mål.

62 min: Gult kort til Sandnes Ulf Malaury Martin.

63: Bytte Sandnes Ulf - Ut Marius Helle - inn Tony Christiansen.

69 min: Bytte Hødd - Ut Joakim Wrele - Inn Bendik Torset.

74 min: Bytte Hødd - Ut Magnus Myklebust - Inn Torbjørn Kallevåg.

79 min: 1-3 Tony Brochmann Christiansen set inn Sandnes Ulf si tredje scoring.

83 min: Malaury Martin ut - Emil Johansson inn.

87 min: Paul Esteban Torres ut - Niklas Sandberg inn.

1. omgang:

Frå start var det også heimelaget som opna friskast og pressa godt inn på Sandnes Ulf sin halvdel. Dei første ti minutta vart det likevel ikkje skapt nokon store sjansar framom måla.

Hødd slapp seg lenger ned i presset etter kvart, noko som gjorde at Sandnes Ulf kunne halde meir i ballen enn i opninga. Etter om lag 16 minutt var Eirik Ulland Andersen fint frampå på venstresida. Ingen nådde fram til innlegget frå kantspelaren, men Jonas Ingebrigtsen plukka opp ballen på motsett side og kom til skot frå bra posisjon, som Halldorsson i Sandnes Ulf-målet måtte slå unna. Kort tid seinare var det Kent Håvard Eriksen som hadde bortelaget sitt første skikkelege forsøk, men skotet frå 20 meter gjekk utanfor.

Då ein nærma seg 20 minutt såg det verkeleg ut til at Eirik Ulland Andersen hadde kome i gang på venstresida. Etter ei lang pasning i bakrom fekk han ei bra avslutningsmogelegheit, men ein god jobb frå Sandnes-forsvaret førte til at det berre blei corner til Hødd.

Halvvegs inn i førsteomgangen fekk Sandnes Ulf etablere seg meir inne på Hødd sin halvdel, og Aslak Falch var heldig som ikkje vart straffa då han var litt uforsiktig då han skulle skjerme ballen ut til innspark.

Deretter fekk Hødd ein kjempesjanse ved Magnus Myklebust. Flott spel på venstrekanten første til at Christoffer Aasbak la eit innlegg over til Myklebust som avslutta via forsvar og keeper til corner for Hødd. På corneren var det tøffe duellar framom mål og ballen spratt ut til Eirik Ulland Andersen som banka ballen i mål bak Halldorsson.

Etter scoringa heldt Hødd fram med å angripe, medan bortelaget ikkje fekk til det heilt store. Hødd hadde dermed stort sett god kontroll. Eit unntak kom då Hødd mista ballen for enkelt inne på Sandnes Ulf sin banehalvdel, noko som gav Kent Håvard Eriksen og Marius Helle sjansen til å kontre. Jonas Ingebrigtsen var godt med og fekk rydda opp.

Hødd var svært nære ved å sette inn sitt andre for kvelden med ti minutt att til pause. Etter ein corner blei ballen slått lavt inn framom mål, men sjølv om fleire Hødd-spelarar stod i kø var det ingen som fekk ein fot på ballen.

Jonas Ingebrigtsen gjorde ein veldig viktig jobb etter om lag 40 minutt då han reinska ballen vekk frå streken etter at Aslak Falch hadde blitt lurt.

2. omgang:

Tre minutt etter pause fekk Hødd-keeper Aslak Falch raudt kort då han var for seint ute på Kent Håvard Eriksen som vart slept åleine gjennom. Sandnes Ulf fekk straffe i same situasjon.

Då vart Michael Karlsen teken ut for å få inn Ole-Monrad Alme. Alme var etter straffa frå Malaury Martin, men fekk ikkje fingrane på ballen og Sandnes Ulf utlikna dermed til 1-1.

Hødd fekk dermed ein verst tenkjeleg start på den andre omgangen, og må spele i 40 minutt med ein spelar mindre.

13 minutt ut i den andre omgangen gjekk det frå vondt til verre for heimelaget. Anel Raskaj fekk stå altfor aleine på om lag 11 meter og banka ballen forbi Ole-Monrad Alme i Hødd-målet.

Alme måtte i aksjon då Eriksen fekk sjansen åleine med keeper, men Hødd-reserven gjorde jobben på strålande vis og hindra ny scoring for bortelaget.

Deretter løfta Hødd seg og sette eit press på Sandnes Ulf sjølv med berre ti mann. Laget spelte seg til fleire cornerar og nestensjansar, og pressa bortelaget bakover på bana.

Det blei ikkje utteljing for Hødd, og med ein spelar mindre vart det rom å boltre seg på for raske Ulf-angriparar.

Med knappe ti minutt att av kampen fekk bortelaget si tredje scoring. Brochmann Christiansen dribla seg forbi den næraste Hødd-stopparen og plasserte ballen forbi ein utrusande Ole-Monrad Alme i Hødd-målet.

Alme måtte igjen i aksjon etter 86 minutt då ein Sandnes-angripar fekk stå heilt åleine på sju meter. Headinga gjekk rett mot keeper, som ikkje hadde nokon problem med å stoppe avslutninga.

Hødd såg ut til å ha gått tome for krutt etter Sandnes Ulf si tredje scoring, og bortelaget fekk stort sett halde i ballen som dei ville. Når Hødd hadde ballen la Sandnes Ulf seg lavt i banen og hindra dermed Hødd i å sette fart framover.

Dei fem minutta tilleggstid rann ut utan at nokon av laga skapte det heilt store og dermed enda kampen med 1-3 og siger til bortelaget.

Hødd: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Christoffer Aasbak - Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Ole Amund Sveen - Magnus Mylkebust, Michael Karlsen, Eirik Ulland Andersen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Joachim Magnussen, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Vegard Heltne, Sondre Beite, Bendik Rise.

Sandnes Ulf: Hannes Halldorsson, Trond Erik Bertelsen, Vegard Skjørestad, Kenneth Sola, Derek Decamps, Malaury Martin, Paul Esteban Torres, Aksel Berget Skjølsvik, Anel Raskaj, Marius Helle, Kent Håvard Eriksen.

Benk: Sean McDermott, Emil Johansson, Tonny Christiansen, Niklas Sandberg.

Kampstart er 18:00 - Følg og diskuter kampen saman med oss frå 17:30.

Etter ei kort landslagspause for 1.-divisjonsfotballen er det sundag klart for ny runde i Obos-ligaen. Hødd som ligg på ein 2.-plass med 21 poeng får besøk av Sandnes Ulf som har ein 6. plass etter 12 runder med 18 poeng.

Laga har ikkje møtt kvarandre sidan 2011. Då vann Hødd oppgjeret på Høddvoll med 2-1 etter mål frå Michael Karlsen og Vegard Heltne.

Les også: - Det viktigaste er å vinne den neste kampen

I Hødd-troppen er Erik Sandal, Ruben-Kenneth Brandal, Benjamin Mork Kleppe og Jan-Lennart Urke spelarar som ein reknar med må sjå kampen frå sidelinja. Elles har Hødd eit skadefritt mannskap.

Lad opp til kampen med Hødd-magasinet!