Torgrim Grimstad frå Hareid er regissør i NRK Super. Då dei skulle lage sin eigen vri på Grunnlovsjubileet var Grimstad usikker på kor mykje Kari og Ola Nordmann -  og borna deira - kunne om 1814.

Dei valde derfor å lage ein fengande Grunnlovs-rap som skulle kome skuleverket og nordmenn generelt til glede og nytte i årevis framvoer.

Filmen er spela inn i Rikssalen og tilstøytande rom inne i Eidsvollsbygninga.

112 born

112 born er med (det same talet som Eidsvollsmennene i 1814) .

På TV 17.-mai

NRK Underhaldning bestemte straks at den skulle takast med i Grunnlovsshowet frå Eidsvoll på kvelden 17. mai.

Den er også nytta i NRK si promotering av jubileet.

Mandag var vokalist Johanne Holmedahl frå Aurskog Hørland sprudlande gjest hjå "Jacobsen" på NRK P1+, i "Nitimen" på NRK P1 og i ein stor repotasje same kveld på "Dagsrevyen".

Dansarane er lokale born frå Eidsvoll.

Songen heiter "Til Dovre faller". Tekst: Hanne Vennemo/Lars Bleiklie DevigMelodi/Produksjon: Lars Bleiklie Devig/Johannes Groth (PhatCat Studios)Regi: Torgrim Grimstad.

Devig/Groth er valde fordi dei har laga alle humorhitane til "Ylvis" (bortsett frå TheFox).

Grunnlovsrap