Byggefelt i Hareid sentrum har lenge vore etterlengta. Torsdag kan kommunen kome eit steg nærare målet.

Rådmann Bent Arild Grytten rår kommunestyret til å godkjenne forslaget til reguleringsplan /detaljregulering for Byggjefelt Holstad.

Håper på byggestart i 2015

Dersom det blir fleirtal for dette, blir neste steg å jobbe for innløysing av grunn og starte med teknisk prosjektering. Ordførar Anders Riise opplyser at målet hans er at dette arbeidet skal bli ferdig i år, og at det kan bli byggestart i 2015.

- Eit sentrumsnært byggefelt har vore etterlengta lenge, og no håper eg vi snart er i mål, kommenterer Riise.

Byggjefelt Holstad skal regulerast med ei blanding av einebustader, to og fire-manns-bustader.

Lang veg

Det var våren 2007 opptakta til byggefeltet starta. Men det kom ei rekkje merknader til planprosjektet, blant anna frå grunneigarar, og både landbruks- og kulturminneinteressene varsla motsegn. Reguleringsplanen vart dermed lagt på vent. Arealkonfliktene vart seinare løyst gjennom rullering av arealdelen av kommuneplanen, ved endring av plangrensene for bustadfeltet.