Jan Louis Oldeide, som eig og driv Hjørungavåg Transport, byrjar å bli meir enn frustrert over ferjekaoset på strekninga Hareid-Sulesund.

Selskapet har sju bilar og sju sjåførar, og dei transporterer store lastar med betongelement for Spenncon i Hjørungavåg. Element som skal fraktast over heile landet.

Etter at "Tidesund" vart tatt ut av sambandet Hareid-Sulesund og erstatta av "Ullensvang" har kommunikasjonstilbodet blitt dårlegare på denne strekninga. Og i periodar, slik som no, når det er "Ullensvang" og "Høgsfjord" som skal frakte bilane over fjorden, blir det endå dårlegare.

- Uhaldbart

- Situasjonen er uhaldbar. "Ullensvang" er inne til service, og både måndag og i dag har bilane våra vore nøydde til å vente ein heil time på ferjekaia. I dag toppa det seg skikkeleg då "Ullensvang" fekk problem med løftemekanikken, fortel Oldeide.

- Klokka 17.00 stod det bilar i ferjekø heilt opp i Strandgata, parallelt med Hareid rådhus. Og då klokka var 17.30 var det alle felt i ferjekøa opptekne. Vi hadde ein bil som skulle levere element på Stranda i dag, og sjåføren måtte berre køyre ut av feltet og legge i veg gjennom Eiksundsambandet i staden, fortel eigaren av Hjørungavåg Transport.

Vil ikkje ta tapet åleine

- Onsdag morgon kjem eg til å kontakte både Norled, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Eg vil vite kven det er som skal hjelpe meg med tapet, for eg kan ikkje ta det åleine. Det kostar oss mykje pengar å måtte vente på ferjekaia i opp mot ein time. Sjåførane skal ha lønna si, og det blir tap på innkøyringa av bilen, forklarer han, og legg til:

Også Spenncon taper pengar

- Og det har konsekvensar også for Spenncon. Bilane våre kjem seg ikkje innatt til Hjørungavåg for å losse og laste i rett tid, og dei må setje folk til å jobbe overtid.

Jan Louis Oldeide er tydeleg på at slik situasjonen er på strekket Hareid-Sulesund kan det ikkje vere lenger.

- Men eg fryktar tilstanden blir den same i morgon.