Som kjent song operatalentet frå Eiksund, Bror Magnus Tødenes, med Kringkastingsorkesteret "Da KORK kom til bygda".

TV-programmet vart sendt på NRK1 i beste sendetid laurdagskvelden for snart to veker sidan. Til jul kan me sjå han igjen på TV-skjermen.

Den første juledag blir KORK sin julekonsert på TV. Og då er det Bror Magnus Tødenes som har fått æra av å syngje "O helga natt". Låtvalet er nok ikkje tilfeldig. Tødenes er nemleg ute med ei hyllestplate til Jussi Björling, som har stått for den mest kjente innspelinga av denne songen. Og på plata syng Tødenes "O helga natt". Tødenes song denne songen i Ulstein kyrkje på ein førjulskonsert i fjor, til stor fagnad.

Til Vikebladet Vestposten seier Bror Magnus at han gler seg til å kome tilbake til kjære Eiksund etter alt køyret i desember.

- Det er vel og bra i Roma og Oslo, men ingen ting som heime, slår han fast.

"Gutten med gullstrupen"

Bror Magnus Tødenes var også nyleg å høyre på NRK Klassisk. Du kan høyre programmet her. Der snakkar han om korleis det er å studere opera i Italia, kva som gjer at han har eit førebilete som døydde for 93 år sidan og om den nye cden.