Kultursjef Leif Ringstad orienterte kommunestyret om framdrifta for Arena Ulstein og kva det vil koste kommunen.

Innkomne anbod viser at dei saml byggningsmessige kostnadene er på 185 millionar kroner. For forprosjekta og detaljprosjekt er prisen 37 millionar. Tomtekjøp/honorar er på 5 millionar. Til saman blir det 227 millionar.

Men det er ikkje heile prisen. Dei bør plusse på 18 millionar til sikkerheitsmargin. Dei reknar med å bruke ein million til å rive samfunnshuet. 10 millionar har dei sett opp til konsulentkostnader. Det er også ein del andre kostnader til prosjektet, så samla brutto investeringsramme blir på 268 millionar kroner.

Kva synest du om prisen på Arena Ulstein? Sei di meining på våre Facebook-sider.

Når ein trekkjer frå 35 millionar i spelemidlar og 10 millionar som kommunen skal få inn på å selje innandørs parkeringsplassar, blir den netto kostnaden 223 millionar kroner.

21 millionar over budsjett

I den vedtekne økonomiplanen var det budsjettert med 228 millionar, så skulle kommunen få inn 26 millionar i spelemidlar og tilskot. Vedteken låneramme var på 202 millionar kroner.

Såleis treng dei no 21 millionar meir.

Kommunestyret skal få opp ei sak på Arena Ulstein i april-møtet, før kommunen signerer kontrakt med entreprenør.