Ei liknande ordning vart gjennomført ved Kleven tidlegare, då verftsindustrien var i ei kritisk fase rundt 2003–2004.

– Fleire kjenner seg nok tryggare på denne avtalen, i og med at liknande ordningar har vore gjort tidlegare, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

– I tillegg til lokalt eigarskap, har nok historikken i samband med slike ordningar vore med på å gjere denne avtalen mogleg. Fleire av dei tilsette føler dei har fått støtte frå Kleven-familien tidlegare, seier Olav Høydalsvik som er hovudtillitsvald i Fellesforbundet.

Kleven-konsernet er, som mange andre, midt i ei bransjekrise og omstillingsfase. Det er spesielt eit offshore multifunksjonsfartøy som var tiltenkt det malaysiske reiarlaget IES Pioneer Ltd, som har vore utslagsgivande for den økonomiske situasjonen til konsernet. Reiarlaget tok aldri ut skipet, og Kleven sit no igjen med millionprosjektet.

750 tilsette ifrå heile konsernet er med på dette, frå toppleiinga og nedover. Avtalen vil frå og med lønnsutbetalinga 20. juli trekke fire prosent frå bruttoløner under 561.000 kroner og sju prosent over denne summen. Avtalen har verknad fram til 31. desember 2018. Dei tilsette vil få betalt tilbake lånet når rekneskapen til konsernet igjen går i pluss.

– Det er viktig at vi har fått avtalen på plass og får kommunisert det. Det fordi den har ein verdi også utanom det økonomiske. Den signaliserer at dei tilsette har trua på at situasjonen vil snu. Kva er solidaritet i 2017? Eg føler vi viser kva dette er i praksis gjennom denne avtalen. Denne type solidaritet i bedrifta er viktig, positivt og kan verke motiverande for dei som arbeidar for å halde ut gjennom omstillingsfasen, seier Rasmussen.

Ordninga er eit ledd i ein heilskap av tiltak som skal hjelpe konsernet gjennom ei krevjande økonomisk periode. Eigarane i Kleven-familien har òg gått inn med meir kapital.

Krav frå dei tilsette

Det er dei tillitsvalde som på vegner av dei tilsette har vore med å forhandla fram denne avtalen.

– Det er få tilsette som har vore involvert i forhandlingane. Det er dei tillitsvalde som har forhandla fram dette, medan klubbstyret tidvis har fått innblikk i prosessen. Nokre er naturlegvis kritisk til akkurat det. Andre som allereie har det trongt økonomisk, vil nok føle lønnstrekket. Samla sett håper og trur eg vi har tatt hand om dei tilsette sine interesser og at avtalen bidreg til å trygge arbeidsplassar lokalt, seier Høydalsvik og legg til:

- For dei som arbeidar i Kleven Maritime Contracting er dette ein spesiell avtale. Det er fleire av dei som arbeidar der som kjem frå kulturar der dette ikkje er vanlege ordningar. Arbeidarane har difor røysta om avtalen og omtrent alle har vore positive til den.

Rasmussen trekker fram avtalen som eit eksempel på korleis den skandinaviske arbeidslivsmodellen fungerer og føyer til:

– Vi er opptatt av å halde på kompetansen og fagfolk i bedrifta. Dette er eit tiltak for å handtere omstillinga og samstundes hindre nedskjeringar.

– Vi vil at folk skal vere i arbeid gjennom omstillingsperioden. På den måten kan vi tileigne oss ny kunnskap om nye marknadar. Då kan vi ikkje ha eit tomt verft, legg kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund til.

Regulerer avtalen kva som kan takast ut som utbytte frå Kleven Maritime?

– Avtalen gjer ikkje det direkte, med det ligg vel underforstått i den. Dette er noko eigarane kjem fram til i generalforsamling, men eigarane viser betydeleg grad av ansvar i denne situasjonen. Det at dei i løpet av dei siste få åra har lagt opp i mot 500 millionar kroner i opprusting av anlegg både ved Kleven og Myklebust verft viser at dei satsar mykje på drifta av selskapet, seier Rasmussen.

Eit viktig element i avtalen er at den kjem med krav frå dei tilsette om ein handlingsplan der ein skal finne måtar å kutte kostnadar på. Dei håper planen er på plass den 1. august.

– Vi håper å mobilisere dei tilsette i denne prosessen og vil gjerne at dei kjem med innspel, fortel Rasmussen.

Omstilling frå offshore-boom

Fleire av båtane som ligg i ordreboka til Kleven, vitnar til at selskapet har omstillingsevne. Fokus framover vil vere å sikte seg inn mot andre marknadssegment.

- Vi har hatt og har fortsatt mange i arbeid. Det å arbeide seg gjennom det, tilegne seg ny kunnskap gjennom praktisk lærdom, trur eg vil styrke oss og sette oss i stand til å handtere omstillingsfasen, seier Kvalsund.

- Omstilling er ein del av det å jobbe på eit verft. Som arbeidar her er du heile tida i omstilling og med på utviklinga. Evnen til omstilling er nok mykje av grunnen til at vi kan klare å produsere båtar i Noreg, legg Høydalsvik til.