– Det blir trist, både gøy og trist på same tid. Eg gler meg til det, seier Torbjørn Kallevåg.

Midtbanespelaren er Hødd sin toppscorar denne sesongen med sine 12 scoringar, men lagets kanskje viktigaste spelar skal laurdag springe ut på Høddvoll for siste gong i Hødd-drakt. Og Kallevåg ønskjer å avslutte med stil.

– Vi må nesten vinne, og så får eg prøve å score eitt mål. Det hadde vore fint! Eg kan uansett sjå tilbake på mange gode minne med Hødd og Ulsteinvik, fortel 24-åringen.

Brukte tid

Etter sesongen sluttar Kallevåg seg til FK Haugesund, og det blir dermed eitt hol å fylle i Hødd-stallen. Mot Byåsen hadde Kallevåg karantene og med ei svært ung midtbane merka ein at det er eit lite stykke fram til bømlingen sitt nivå.

– Men eg brukte også tid på å kome opp på eit nivå der eg kan prege kampar i den grad eg gjer no, kan levere målgjevande og score mål. Det handlar mykje om å vere bevisste på det ein gjer og at ein vil bidra for laget.

Kallevåg håpar på å kunne avslutte sesongen med Hødd på ein positiv måte. Helst med seks poeng på dei to siste kampane.

Nye debutantar?

Sidan Hødd har hamna i ingenmannsland i 2.-divisjon denne sesongen, utan moglegheit til å rykke opp og utanfor fare for å rykke ned. Dei siste kampane har difor Sindre Eid nytta høvet til å gje fleire unggutar sjansen. Dei to siste kampane har både Johannes Sundgot og Isak Haanes fått sine A-lagsdebutar, og det vil ikkje vere overraskande om det også dukkar opp nokre nye namn til kampen mot Hønefoss.

Laurdagens motstandarar ligg på plassen bak Hødd, og kan klatre forbi dei blåkvite med tre poeng på Høddvoll. Hønefoss kjem også frå ein overbevisande heimesiger etter å ha slått Fana 5–0 på AKA Arena sist veke.

Samstundes har Hødd no gått åtte kampar utan å tape, og Hønefoss har ikkje vore noko godt bortelag denne sesongen. Åtte av ni sigrar har nemleg kome heime. Ni av tolv bortekampar har enda med tap.