– Dette er eit prosjekt som vi meiner vil løfte Ulsteinvik, og bidra til den ønska fortettinga av sentrum, slik til dømes Ulstein-politikarane har signalisert, seier Elise Romestrand, marknadssjef i Rome AS.

Romestrand og prosjektleiar Gunnar Bigset fortel til Vikebladet Vestposten at prosjektet allereie har fått god respons, sjølv før nokon av dei ferdige teikningane var blitt gjort offentlege.

– Det vitnar om at dette er eit prosjekt folk er spente på. Vi gler oss til å for alvor starte salsarbeidet, og til å få innspel frå bustadkjøparane, seier Gunnar Bigset.

Han fortel også at det etter at saka var oppe i kommunestyret før jul har vore aukande interesse for prosjektet for kvar veke som har gått.

– Lista over interessentar byrjar å bli lang, og vi har også seld fleire leilegheiter. Diverre er ikkje sjølve kontraktane klar enno, då vi oppdaga at vi var godt frampå tidsmessig i forhold til prosjektering og marknadsføring, men vi jobbar no for å kunne lansere prosjektet på marknaden i slutten av månaden, seier prosjektleiaren.

50 leilegheiter

Rome AS inngjekk for ei tid tilbake ein avtale med Ulstein kommune om å kjøpe den såkalla Hydro-tomta. I april tek Rome AS over tomta, og no er planane for ho klare. Selskapet ønskjer å byggje opp i mot 50 leilegheiter fordelt på tre blokker, der alle får veranda, med både kommunale parkeringsplassar og parkeringsplassar dedikert til bebuarane, i dei to etasjane under leilegheitene.

Byggjestart på prosjektet vil truleg bli like etter sommarferien i år.

Gler seg til å kome i gang

Marknadssjef Elise Romestrand gler seg til å byrje på salsprosessen, for det har som sagt allereie vore stor interesse knytt til prosjektet.

– Reint estetisk og praktisk vil dette bli flotte leilegheiter, til ein fin pris, og på ein flott lokasjon, midt i sentrum av Ulsteinvik, seier Elise Romestrand, som for tida studerer til ein mastergrad i internasjonal business og marknadsføring. Ho kjem til å følgje salsprosessen saman med meklarane frå Eiendomsmegler 1.

– Det er spanande å følgje eit prosjekt frå starten av, og eg veit dette er noko mange i regionen har venta på, seier ho.

Prosjektleiaren har også stor tru på salet.

– Eg trur det vil gå raskt å selje dei 35 leilegheitene som det er lagt opp til først, seier Bigset.

Lokale leverandørar

Rise Bygg AS blir hovudentreprenør, og det skal mykje til om det ikkje blir lokale verksemder som vil ta seg av mykje av det som skal leverast til bygget, meiner Bigset.

– I utgangspunktet ser vi etter lokale krefter som kan bidra til å få på plass desse flotte bygga i Ulsteinvik sentrum. 90 prosent av entreprenørane vi har nytta til å setje opp bygga vi har stått for i Saunesmarka har vore lokale, og det er viktig for oss å kunne sikre lokale ringverknader av eit slikt prosjekt som dette, seier Bigset.

Leilegheitene, som blir på alt ifrå 35 kvadratmeter til rundt 120 kvadratmeter, med prisar frå 1,5 millionar kroner og oppover, får vassboren varme levert av Ulstein Fjernvarme, og høg standard med val av vedlikehaldsfrie material.

Eigedommen vil dessutan få ein eigen trappeportal som leier til parken som blir laga til bak leilegheitene, ein park som får namnet Bjørndalparken, derav namnet på prosjektet.

– Denne parken blir opparbeida og vil stå fram som eit attraktivt rekreasjonsområde til glede for alle i Ulstein, fortel Elise Romestrand.