26. juli skal Hødd møte Kristiansund BK borte. No er denne kampen plukka ut for visning på den opne TV-kanalen TV2 Zebra melder Norges Fotballforbund.

Fylkesduellen, der Hødd har noko å hemne etter 1-0 tapet på nye Høddvoll, blir spelt 15:00 i staden for 18:00 slik som dei andre kampane denne runden.

NFF har offentleggjort TV-kampane for runde 16-19 i Obos-ligaen og for Hødd sin del er det berre Kristiansund-kampen som blir vist på open TV-kanal.