Offshorevindfartøyet ‘Windea Leibniz’ vart levert frå Ulstein Verft til Bernhard Schulte Offshore til avtalt tid 28. februar 2017. Men dåpen var i føremiddag. Det var bestilt godt vêr, og det vart det.

Etter ein enkel seremoni på kaia, med talar og flaskeknusing, gjekk dei spesielt inviterte gjestane inn på skipet for ei omvisning. Deretter var det middag.

Skipet vil liggje ved Ulstein verft fram til laurdag, då det går sørover til vindfarmen Sandbank der det skal jobbe for Siemens.

Oppkalla etter tysk vitskapsmann

Gudmora, Dai Ling, døypte reiarlaget BS Offshore og finansieringsselskapet ICBC Leasing sitt andre serviceskip til offshorevindindustrien

Skipet er oppkalla etter den tyske matematikaren, filosofen og fysikaren Gottfried Wilhelm von Leibniz, som i det 17. århundre kom med ideen til å bruke vindkraft for å drive pumper.

Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Klar for å ta til i arbeid

Med oppstart i april, skal skipet arbeide på Sandbank-vindfarmen utanfor Tyskland for Siemens Wind Power Service, der det skal vere med på å sikre produksjonen av fornybar energi frå 72 vindturbinar.

Denne typen skip vert kalla serviceoperasjonsskip (SOV-skip), og bruken av desse vil forbetre effektiviteten til serviceoppdrag ved offshorevindfarmar. Skipet fungerer som ei påliteleg og berekraftig plattform for vindfarmoperasjonar og vedlikehaldsstøtte, overnatting og transport av teknikarar, og gir svært trygg og stabil tilgang til offshoreinstallasjonar.

- Endå ein gong viser Ulstein Verft at vi er i stand til å levere høg-kvalitets skip til avtalt tid. Vi ser fram til at skipet skal kome i arbeid, og få høyre tilbakemeldingar på korleis det går med henne innan fornybarmarknaden, seier administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

X-STERN

- Skipet er utstyrt med hekkforma X-STERN™,  som gjer at det kan ligge på posisjon med hekken mot veret, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore. Han held fram: ‘Det prisvinnande søsterskipet, Windea La Cour, som har arbeidd på den nederlandske Gemini-vindfarmen sidan august, har allereie prova at X-STERN gjer at skipet er veleigna i dårleg ver og kan vere i arbeid lenger tid om gongen. Skipet har redusert kraft- og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjonering) ved sidan av vindturbinen.