Det blir redusert kapasitet på ferjesambandet Hareid - Sulesund den komande tida. Frå måndag morgon er C-ruta på sambandet ute av drift.

Bakgrunnen for dette er at MF "Høgsfjord" for tida er på eit årleg verkstadopphald. Ifølgje Norled skal ferja vere ute av drfit ut denne veka.

Dermed er det "Tidefjord" og "Ullensvang" som trafiikkerer sambandet denne veka.